– Det er fulle klasserom på alle sentrumsskulane. Den største klassen finn vi på Vikemarka, med 28 elevar, forklarer Kirsti Øye Driveklepp, seksjonsleiar for skule i Ørsta kommune.

Stort kull

Årets førsteklassekull er større enn det som har vore vanleg dei siste åra, og det skaper utfordringar ved skulane.

– Vi har visst lenge at dette kom til å bli eit problem, særleg fordi klasseromma på skulane ikkje er dimensjonerte for så store klasser. Når klasseromma blir for tronge, blir det ikkje rom for å variere aktivitetane nok.

– Vi har styrkt bemanninga i desse store klassene med ekstra lærartimar. Det gjer det mogleg for oss å ha minst to vaksne i klasseromma til ei kvar tid, oftast er dette to pedagogar.

Driveklepp meiner dei ekstra lærarressursane bøter ein del på den vanskelege situasjonen.

– Dette gjer det mogleg å trekke ut mindre grupper frå klassen. Lærarar eg møtte på utviklingsdagen tidlegare i veka, gav uttrykk for å setje pris på denne styrkinga. Vi er veldig opptekne av tidleg innsats. Det er vi betre i stand til med fleire lærarar i klasserommet, seier Driveklepp.

Utfordringa med for små klasserom på Vikemarka skule er kommunen fullt klar over. Både ordførar og rådmann har vore på synfaring i sommar.

Romstituasjonen på Velle og Hovden skular er heller ikkje god nok, ifølgje Driveklepp.

– Langt derifrå. Også der er mange av klasseromma for små og for dårlege.

Skulekontoret held på med ei kartlegging av klasseromma, og kor mange personar som bør kunne opphalde seg der, ifølgje sentrale helsemynde.

– Vi prioriterer å kartlegge sentrumsskulane først, sidan presset er størst der.

Håper på investeringar

Håpet til skulesjefen er at kommunen snart gjer investeringar for å bøte på situasjonen.

– I økonomiplanen er det lagt opp til investeringar i skulane, noko eg håper blir prioritert. Men det skal gjerast mange investeringar i Ørsta framover, og kampen om pengane blir hard, seier Driveklepp.

På Vikemarka skule er i tillegg fonnfaren eit problem.

– Der har vi ikkje lov til å byggje på per i dag. Vi håper fonnvernet blir bygt ganske snart, slik at dette løyser seg.

Andre skular

Når kartlegginga av sentrumsskulane er ferdig, skal skulekontoret sjå på situasjonen ved Vartdal, Sæbø og Dalane skular, i tillegg til Ørsta ungdomsskule.

– For Vartdal blir dette på mange måtar eit unntaksår, i og med at elevar er flytta til Barstadvik medan det nye bygget kjem på plass. Situasjonen der er ikkje ideell, men det er heldigvis forbigåande. Sæbø og Dalane skal vi sjå nærare på. Situasjonen ved Ørsta ungdomsskule blir ikkje skikkeleg prekær før vi får ei klasse ekstra, og det er seks-sju år til. Skulen er bygd for 12 klasser, og der er 14 per i dag.

Skal utarbeide norm

I løpet av hausten skal Ørsta kommune jobbe fram ei norm for kor mange elevar som kan vere i kvart klasserom. Denne skal vere basert på skulekontoret si kartlegging.

– Det vil bli lagt fram som ei sak for politikarane. No skal kommunelegen gjennomføre eit tilsyn på Velle skule. Førebels ventar og ser vi resultatet av dette.

– Men det vil vel framleis vere klasseromma og lærarane som blir avgjerande?

– Ja, ei slik norm vil vere rådgjevande. Det blir realitetane som blir avgjerande for korleis klassene blir sett saman.

<strong>Håper på investeringar:</strong> Kirsti Øye Driveklepp er seksjonsleiar skule i Ørsta kommune, og håper ordførar Rune Hovde (bildet) og dei andre politikarane prioriterer investeringar i skulane framover.