Det sa varaordførar Karen Høydal (Ap) då formannskapet diskuterte kommunereforma tysdag.

– Vi merkar oss at dei nord for oss kan slå seg saman til ein Sunnmøre kommune. Vi er inne i ei endringstid som uansett vil få konsekvensar, sa Høydal, og la til at ho ikkje likte namnet «Sunnmøre kommune».

– Sunnmøre er også oss. Dei får heller kalle seg Ålesund, sa Høydal.

Per Are Sørheim (H) meinte at det å stå åleine ikkje er det same som at kommunen vert som ho er i dag.

– Det handlar ikkje om kommunesamanslåing, eller å ha det slik som det er. Vel vi å stå åleine, vil det også verte ei stor endring.

Intensjonsavtalen var klar førre veke, og handsaminga i kommunane startar no før folkerøystinga den 19. mai. I formannskapet vart det ikkje lagt opp til nokon debatt om ei tilråding. Men ein runde om avtalen vart det.

– Vi kan ikkje seie at det å stå åleine er det same som å halde fram som no. Eg vil samanlikne det med å gå langs ein veg og kome til eit vegkryss. Frå det krysset går det to heilt nye vegar. Den eine vegen er for ein samanslegen kommune. Den andre vegen er det å stå åleine, som også vil medføre store konsekvensar, sa Sørheim, og sikra mellom anna til det nye inntektssystemet for kommunane, der det er klart at Ørsta kommune vil misse kring fem millionar kroner årleg samanlikna med i dag.

– Dette skal gjelde frå 1. januar 2017, og det skal ikkje kome noko val som vil endre politikken før det tidspunktet. Difor må vi rekne med at dette vert gjennomført, sa rådmann Wenche Solheim.

Synnøve Rekkedal Hill (Sp) og Jostein O. Mo (Ap) var opptekne av at det i informasjonen til innbyggjarane før folkerøystinga kjem fram at det å stå åleine er eit alternativ.

– Kommunen må med eit like stort engasjement med å fortelje at vi kan slå oss saman, også fortelje at vi kan stå åleine, sa Mo.

– Eg fryktar dette vert einsidig, sa Rekkedal Hill.

Per Are Sørheim ynskte å få klarlagt kva som skal skje med Hornindal og Stryn, for det er klart at Volda vil følgje dette sporet.

– Dette vil ikkje verte tema i folkerøystinga, men eg er invitert til å vere med på sonderingsmøte med i alle fall Hornindal, og meiner det er rett at Ørsta er med på dette, sa ordførar Stein Aam.