8.500 kubikk med skog vart teken ut av Ørsta i fjor, og tala frå Volda er 13.600 kubikk. Samanlikna med tala frå i fjor, 31.000 kubikk, har hogsten minka kraftig i Ørsta, medan den har auka, 9.500 kubikk, i Volda.

– Tek vi totalen for dei tre åra etter orkanen er det teke ut 132.000 kubikk med skog, seier skogbrukssjef Roger Nedreklepp.

Det aller meste av Dagmar-skogen har vorte hogt, men ifølgje Nedreklepp ligg det dessverre igjen ein god del.

– Det har vorte betre rydda opp i Ørsta enn Volda, og dette har med vanskeleg terreng å gjere.

Ifølgje skogbrukssjefen ligg økonomien i skogbruket i eigeninnsats, og han oppfordrar sterkt til meir eigenaktivitet blant skogbrukarane.

– Det er viktig at vi klarer å halde opp aktiviteten på minst det same nivået som i fjor. Her er skog å hogge sjølv om vegproblematikken er stor og det er mangel både på skogvegar og offentlege vegnett som tillet tunge vogntog.

Alle vegplanar vert fortløpande behandla. I løpet av 2012 og 2013 kom det 12,5 km med opprusta og nye skogsvegar i Ørsta.

– Vi fekk gjort mykje godt arbeider der. I kjømda kjem ein meir overordna plan, men dette tek litt tid grunna kartsystemet.

Leiar Ragnar Aarflot i Volda og Ørsta skogeigarlag er einig i at aktivitet med hogst og planting har vore bra i 2014.

– Vi må framleis har auga opne når vi veit kva volum skog som står og kva som skal ut. Vegar er ei utfordring, og det vert det framover også. Tømmerbilane køyrer ikkje ein meter utan alt er i orden, og det er mange som vil hogge skog som kanskje ikkje får gjort dette grunna tilkomsten. Vi har samarbeidd med Ørsta kommune om vegane, og vi føler at dei har forståing for problematikken, seier Aarflot som understrekar at dette gjeld både kommunale og fylkeskommunale vegar.

Det har og kome ein del lokale entreprenørar på bana gjennom dei siste åra, og det har vorte antyda lokale tømmertransportørar.

– Dette har vi von om skal kome, seier Aarflot.