Han var ein av dei som var på fyrste framsyning av Bilar 3 fredag ettermiddag, og dermed ein av dei fyrste som tok kinosalen på Ørsta kulturhus i bruk etter renoveringa.

Kinosalen har fått nye stolar, ny lyssetjing og lyd og bilete skal også vere mykje betre.

Utanfor kinosalen var kinosjef Janne Grytten Skarstein smånervøs. Ikkje for kvaliteten på det nye anlegget, men for at alt skulle vere hundre prosent t i orden. I dei siste dagane har det vore travelt på kulturhuset for å få alt i stand.

Det var inga offisiell opning fredag. Ho kjem seinare, men kinosjefen var likevel til stades for å prate med publikum, og gje borna smågodt før dei gjekk inn i sjølve kinosalen.

Der venta dei nye stolane på dei.

– Eg synest det er som å sitje i eit bilsete. Akkurat det passar til filmen vi skal sjå, fortel Stina Gjengedal Sætre (12). Ho og venninna Elise Sørheim Aarhus (13) gler seg over at det er kino i Ørsta igjen.

– Men det var greitt med pausen som har vore når vi ser kor fint her har vorte, seier Elise.

Det synest Mikkel Olsen (10) også, som var framsyninga saman med Natalie Aklestad Karlsen (6) og Laila Sæbønes.

– Det har vorte fint her no. Medan her har vore stengt, har vi vore på kino i Ulsteinvik. Denne salen har vorte like fin, seier Mikkel og Natalie.