Det seier varaordførar Paul Kristian Hovden i Ørsta i samband med kommunesamanslåingsprosessen Ørsta  no er inne i.

Ørsta formannskap tok tysdag det fyrste steget på veg mot ein ny og større kommune.

Samrøystes sa formannskapet ja til forslaget til prosess som rådmann Wenche Solheim la fram.

Det vil seie at det vert lagt opp til eit vedtak om ny og større kommune i 2016, og at den nye kommunen skal vere på plass i 2019/2020.

Sjølv om det vart eit samrøystes ja til prosessen, er det ikkje alle i formannskapet som er like begeistra.

Ein av dei er varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF)

– Det vert kalla ei kommunereform, men det er ei samfunnsreform. Det handlar om å byggje Noreg for framtida. Eg saknar difor ei konsekvensutgreiing for kva dette vil ha å seie for folk. Når ein skal byggje eit naust, må det vere alle moglege konsekvensutgreiingar. Når ein skal byggje framtidas Noreg, skjer det mest utan ei utgreiing, sukka Hovden.

Danmark

Han viste til Danmark, der halvparten av innbyggjarane svarar at landet har fått eit dårlegare lokaldemokrati etter den omfattande kommunesamanslåinga der.

– Men du må hugse at KrF er eit av dei partia som stiller seg bak den store reforma i Stortinget, sa ordførar Rune Hovde.

– Ja, men her talar eg i mot eige parti, sa Hovden.