Søndag 30. august er det arrangert klimapilegrim i Ørsta som ein del av den nasjonale satsinga «klimapilegrim 2015». Dette er ei nasjonal tverrkyrkjeleg mobilisering for klimarettferd, som vandrar på veg mot ein rettferdig internasjonal klimaavtale på toppmøtet i Paris i desember.

I komiteen til klimapilegrim i Ørsta er regionkonsulent i Kirkens Nødhjelp, Bente Hjertenæs, sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak, pastor i Ørsta frikyrkje, Kjersti Gulli Petersen, pastor i Volda Frikyrkje, Sølve Hatlen, prost i Søre-Sunnmøre, Ingeborg Matre, og klimaentusiast Kjell Wiik.

– Det er historisk at alle fire kyrkjelydane samarbeider. Vi veit ikkje når dette skjedde sist, men det er lenge sidan. Vi er alle oppteken av å ta grøne val for å verne om klimaet – som er det viktigaste vi har. Kyrkjene har eit ansvar for å vere med på å setje klimaproblem på dagsorden. Noreg er med på å skape klimaproblema, og difor er det viktig at politikken i Noreg i framtida også pliktar seg til å vere ein del av løysinga av problema. Å stå saman for å påverke politikken er viktig for at vi skal få den rettferdige klimapolitikken vi ønsker, fortel regionskonsulent i Kirkens Nødhjelp, Bente Hjertenæs.

Program

Dagen startar med vandregudsteneste med start frå Møbelringen i Ørsta, og vil gå på asfaltvegen mot Aasen-tunet. Under denne vandregudstenesta vil skaparverket og klima vere i fokus, og leiar for gudstenesta vil rullere.

Vidare er det arrangert klimaseminar på Aasen-tunet, der alle politiske parti er invitert til å ta del i ein klimadebatt om kva tiltak Noreg kan gjere for å redusere klimautslepp; kva eit berekraftig samfunn vil bety lokalt og nasjonalt, og kva norske politikarar vil gjere under klimatoppmøtet i Paris.

Alle politiske parti vart invitert til klimaseminaret, og fem parti har sagt ja til å kome. Lokal,-fylkes – og stortingspolitikarar vil ta del: Erik Kursetgjerde (AP), Oskar Grimstad (Frp), Gunn Berit Gjerde (V), Yvonne Wold (SV) og Øyvind Festø (MDP).

– Dette vert eit spennande panel. Vi vil få dei til å fortelje om kva dei er oppteken av i forhold til klima. Det vil vere moglegheit for alle som tek del i å stille spørsmål til dei. Dette er ein open arena: alle som er nysgjerrig, interessert eller engasjert i klima, og ønskjer å vere med å påverke til ein rettferdig klimapolitikk er hjarteleg velkomen. Det vil også vere eigne aktivitetar for born på tunet, der klima vil vere tema, fortel arrangørane.

– Vi gler oss veldig til denne dagen! Vi håper så mange som mogleg tek del, og at dagen kan vere med på å engasjere fleire folk i emnet.