Dei nye reglane stiller meir omfattande krav til skriftlege rutinar og journalføring av arbeidet som blir gjort i pelsdyrgarden. Det skriv Mattilsynet i ei pressemelding. Tanken er at dei nye krava skal gi inspektøren eit betre grunnlag for å vurdere tilhøva dyra lev under når dei er på tilsyn.

Dei nye reglane skal også hindre at det blir avla på rev med feilstilling i beina. Kun dyr som har «svært god» eller «god» beinstilling, skal bli avla på. Sålegjengarar, som vil seie dyr som på grunn av svak beinstilling og overvekt trår ned på heile foten i staden for berre på poten, skal bli avliva med ein tilfellet blir oppdaga.

Det stillast også krav ti lat alle rever skal ha såkalla aktivitetsobjekt som er etelege, eller gode å tygge på. Rever som er avlsdyr skal ha etelege aktivitetsobjekt i den perioden av året dei får mint fôr.

Frå 1. juli 2018, altså seks månader etter at dei andre nemnde reglane trer i kraft, må minkprodusentar som vil ha fleire enn eitt dyr av kvart kjønn i same bur, såkalla gruppehald, delta i eit dyrevelferdsprogram. Programmet er utvikla av næringa sjølve, og godkjent av Landbruks- og matdepartementet

Ut ifrå fastsette kriterium i programmet, kan Mattilsynet fatte vedtak om produsentar skal inkluderast eller ekskluderast frå programmet.