– Det blir teke eit nytt steg mot det grøne skiftet når anboda på Festøya-Solevågen og Volda-Folkestad blir sende ut denne veka. Her vil Statens vegvesen stiller krav om at minimum tre av ferjene skal vere nullutsleppsferjer. Ei av ferjene skal vere lågutsleppsferje. Miljø og energi blir i tillegg eit viktig tildelingskriterium.

Det skriv Statens vegvesen på nettstaden Vegnett.

Varsla

Håvard Austvik i strategiseksjonen i Statens vegvesen Region midt har tidlegare sagt til Møre-Nytt at Festøya-Solevågen er eit samband som liknar mykje på Lavik-Oppedal, der den førebels einaste batteriferja i Noreg trafikkerer i dag. Det passar dermed godt for lågutsleppsteknologi med tanke på liggetid og avstand.

Det har også vore varsla at Festøya-Solevågen kan få tre ferjer i trafikk og avgangar kvart tjuande minutt.

Dagens kontraktperiode på Festøya-Solevågen og Volda-Folkestad går ut ved utgangen av 2018. Meir miljøvennlege ferjer skal dermed kome i drift frå 2019.

– Ein stille revolusjon

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen kallar innfasinga av null- og lågutsleppsferjer for ein stille revolusjon.

– Omlegginga til miljøvennlege ferjer er godt kjent i bransjen, og mange andre har nok fått med seg at vi har fått batteriferja Ampere. Men dimensjonane i det skiftet som skjer no, har nok skjedd litt under radaren for folk flest, seier vegdirektøren til Vegnett.

Den andre heilelektriske ferja i landet skal kome i sambandet Anda-Lote på E39 i Sogn og Fjordane.

Statens vegvesen hevdar at utsleppa av klimagassar frå norske ferjer innan får år blir reduserte med ei mengd som svarar til utsleppa frå 70.000 personbilar. Dette er like mange bilar som i dag er i trafikk i Aust-Agder fylke.

Innan 2030 skal overgangen til meir miljøvennlege ferjer syte for reduksjonar i klimagassutsleppet tilsvarande 200.000 personbilar, like mange bilar som i Troms og Telemark til saman, skriv Vegnett.

Veg­di­rek­tør: Ter­je Moe Gus­tav­sen kal­lar fer­je­skif­tet for ein stil­le re­vo­lu­sjon. Foto: Statens vegvesen