– Vi er svært nøgde med søkjartala. Det er lenge sidan dei har vore så gode. Hadde vi hatt ein større skule, kunne vi teke inn fleire elevar, seier rektor Roger Andre Fylling på Ørsta vgs.

Den einaste linja det ikkje vart nok søkarar på i år, var VG2 blomsterdekoratør. Det er ei linje det også tidlegare år har vore variabel søknadsmasse på. Elles er alt fullt.

Kor mange som har søkt seg inn på dei 320 plassane på Ørsta vidaregåande skule for 2018/2019, er ikkje heilt klart enno. Andreinntaket vert køyrt 7. august, og elevane har frist med å svare heilt fram til skulestart.

Yrkesfag aukar

På landsbasis er trenden at stadig fleire søkjer mot yrkesretta fag. Ifølgje NTB er det i år like mange som skal byrje på yrkesfag som på studiespesialisering, noko som er ei positiv utvikling for yrkesfaga.

– Ei rein akademisk utdanning vil ein kome langt med. Men i vår region, med så mykje næringsliv med båtbygging, snikkarar og elektrikarar, må ein også ha det praktiske. Det er ikkje slik at det eine er betre enn det andre. Vi treng begge deler, seier Fylling.

Godt samarbeid

– Korleis er det med lærlingplassar lokalt?

– Svært mange bedrifter arbeider år etter år jamt og trutt med å ta i mot lærlingar. Lokalsamfunnet er avhengig av det. Både bedriftene, og vi som rekrutterer. Men det er ikkje tvil om at skulen og næringslivet må framover jobbe enno tettare saman. Det er alltid behov for fleire læreplassar. Samstundes endrar samfunnet seg. På dei læreplassane som fanst for fem år sidan, er trykket kanskje ikkje så stort i dag, og nye næringar tek nye retningar. Men eg er glad for dei samarbeida vi har, på alle programområda våre. Det finst mange og gode bedrifter i nærområdet som ønskjer gode fagarbeidarar, seier rektoren, og fortel om gode røynsler med utplasseringar også.

– Når elevane byrjar på VG1 og VG2 og arbeider med utplassering i bedrift, er det ofte der dei landar som lærlingar også, sidan dei får synt seg fram og etablert kontakt med bedriftene.

Nøgd: Rektor Roger Andre Fylling på Ørsta vgs er glad for at skulen er fylt opp.

Trygge yrke

Dei linjene som flest søkjer seg på, er bygg- og anleggsteknikk, og helse- og oppvekstfag.

– Særleg helse- og oppvekstfag har hatt god vind i segla dei siste tre-fire åra, seier Fylling.

– Helsearbeidarfaget kan gje arbeid på sjukeheimar, medan barne- og ungdomsarbeidar kan gje arbeid i barnehagar. Det treng vi. På andre året har vi helsesørvisfag. Med det kan ein arbeide som helsesekretær, tannlegesekretær eller legesekretær, seier Fylling.

Til liks med søkjartala på Høgskulen i Volda, er det altså trygge yrkesretningar som ikkje kan automatiserast så lett som er dei mest populære.

Håper på byggjestart

Med full skule, skulle Fylling ønskje dei hadde kapasitet til å ta i mot enno fleire. Å byggje ny skule er vedteke i fylkestinget, men korleis han skal finansierast er ikkje heilt i boks enno. Fylling er klar på at ein ny skule vil gje gode ringverknader.

– Samarbeidet vi har med kommunen i planprosessen vil gje enormt tilbake til lokalsamfunnet. Intensjonen er at det skal vere meir enn berre eit skulebygg, men også noko som kan nyttast utanfor skuletida. Det vil også verte eit klart konkurransefortrinn å ha eit nytt skulebygg, kontra eitt frå 50-60-talet. Vi flikkar og målar og prøver å ta vare på det vi har i dag, men bygga treng å få kvile seg no, meiner Fylling.

Skulestart på Ørsta vidaregåande skule er i år måndag den 20. august.