I august vert talet på utsal som sel upakka ferskvarer kutta ned til to.

Coop Extra inntek Amfi, noko som gjer at ferskvaredisken frå gamle Mega vert fylt med innepakka varer. Dette har fellt i vond jord hjå fleire ørstingar.

No spørst det om ferskvarekonkurrentane i bygda vil få ein oppsving eller ikkje.Tidlegare saker:

- Framleis ferskvarer og kokkekompetanse

- Coop Extra vil svekke matmiljøet i Ørsta

Coop Extra kjem til Amfi

Opprusting

Bente Sande ved Asko Mat AS kan avsløre at dei rustar opp drifta i september.

– Vi skal mellom anna ha nye ferskvarediskar som vert vesentleg større enn dei som er der i dag. I tillegg skal vi satse tyngre på tapas, og fornye verksemda sitt andlet. Butikken skal framleis bêre Asko-namnet, men vi skal ha ny profil og friskare nettside, seier ho.

Sande nemner også at dei skal halde fram med «fastfood» og catering – to velkjende innslag i Asko-merkevara som har stått grunnfast ved Kiwi på Vallabøen i 12 år.

– Håpar de vel oss

– De vert ein konkurrent mindre når Coop Extra kjem – er det difor de vel å satse no?

– Eg skjønar at det kan sjå slik ut, og vi håper at flest muleg vil ta turen til oss når dei vil ha eit stort sortiment å velje mellom, samstundes som ein kan rådføre seg med kokkane våre. Når det er sagt, har vi planlagt satsinga i lengre tid

Sande seier dei opplever at mange kundar set pris på at maten ligg openlyst, og at dei kan utveksle erfaringar med personalet.

– Det er meir ressurskrevjande, men desto meir tilfredsstillande for begge partar.

Målet er at nye Asko skal stå ferdig til opninga av Kvivsvegen i midten av september.

Hemmeleg

Butikksjef Sindre Skare ved Eurospar seier dei har planar på gang for ferskvareavdelinga, men vil ikkje gå ut med noko konkret på dette tidspunktet.

– Vi har allereie ei stor avdeling, men vi høyrer så klart på kva publikum ønskjer. Om vi skal utvide eller ikkje avheng av mengda folk som nyttar ferskvareavdelinga, seier han.

Når Coop Extra legg om, kan det vere rimeleg å tru at stadig fleire tek turen til Eurospar.

Butikksjef Sindre Skare ved Eurospar Ørsta.