Ein rask båttur rundt Hustadneset er alt som skal til for å kome til Skår.

Her bur Asbjørn Skår (63) og kona Gullbjørg Birkeland (58) – fyrstnemnde fødd og oppvaksen på same plass. Johan (63) og Stein Skår (56) er også grunneigarar ved den vesle fjordperla, men brukar no plassen berre som feriestad.

Hugnaden til heimstaden går likevel djupt både hjå dei og familiane deira, og no fryktar alle at plassen skal visne vekk.

Tysdag 26. juni vart nemleg ferjekaia stengd av Ørsta kommune, med melding om at den var for farleg til at ein kunne halde fram med vidare bruk. Ifølgje Johan handlar det om steinar i botnen som har glide ut, og som medfører eit ustabilt fundament.

– Dette er likevel ikkje noko ny sak. Konstruksjonen har vore klar for vedlikehald i ti år, noko kommunen har visst om, seier han.

– Kan ikkje vente  med løysing!

Dei harde fakta har uansett kome fort og utan forvarsel til Skår-folket. Gullbjørg fekk faktisk meldinga om at ferjekaia var stengd medan ho stod med bilen på verkstad i Furene – utan å ha ordna alternative måtar å kome seg heim på.

No er dei avhengige av at situasjonen vert løyst like fort, og at kaia kjem i stand – helst i løpet av ei- til to veker. Det utelukker politisk handsaming, som ikkje vil kome i gang før etter fellesferien.

Dersom ein reknar med at leiinga på rådhuset skal nytte hausten til handsaminga, vil ein i beste fall ha på plass ei løysing til jul, trur Asbjørn.

– Eg er midt i slåtten, og har 300 sauer å ta meg av. Opprustinga av ferjekaia kan ikkje vente så lenge, seier han.

Dermed tek dei saka i eigne hender. Torsdag kjem det ein dykkar frå Møredykk, som på to dagars varsel har gått med på å inspisere botnen og hjelpe til med å estimere skadekostnadene.

«Billeg» opprusting

Ingen av grunneigarane har det minste tru på at det vil koste tre-fire millionar kroner å ruste opp kaia, slik Statens vegvesen førespegla i ein rapport til samferdselsavdelinga vedkomande ferjekaia på Standal.

– Det går ikkje an å samanlikne oss med Standalkaia. Ho er ny og har eit heilt anna trafikkgrunnlag, seier Asbjørn.

Planen er å få forskottert utbetringa, og deretter søkje om pengestønad til reparasjonar.

– Fylket og landbrukskontoret delte ut middel til opprusting av kaia i 1993, så vi håper å få stønad også i år, seier Asbjørn.

Uhaldbart med  skyssbåten

I mellomtida er Skår-folket avhengige av skyssbåten og eigne joller for å kome seg til og frå.

Dette er ei uhaldbar løysing i følgje dei sjølve.

– Vi kan ikkje stole på at fjordbåten er disponibel til all tid. Han er fristilt på sommaren, og har masse andre oppdrag. I tillegg går avtalen med kommunen ut til nyttår, så ingen veit om han er tilgjengeleg etter den tid, seier Gullbjørg.

Utanom dei femti kronene for arbeidstransporten om morgonen, kostar kvar tur 350 kroner per person, noko som vert for dyrt i lengda.

– Kva med Paul Kristian Hovden (KrF) sitt forslag om kranbåt/lekter?

– Det vil koste langt meir enn å fikse kaia, seier Asbjørn.

– Kommunistregime

Når ein fyrst er inne på kommunen sitt engasjement i saka, er grunneigarane svært misnøgde med den manglande sørvisinnstilling og fråvêret av dialog.

– Leiinga på rådhuset er nøydde til å snu heilt om i måten dei steller seg til overfor folk. Vi forventar ikkje å verte ausa over med økonomisk støtte, men vi hadde mest sannsynleg ikkje hatt noko konflikt dersom dei hadde vore meir imøtekomande, positive og interesserte i å leggje til rette for løysingar. Diverre er det ikkje eit knyst å høyre frå dei, seier Johan, og dreg ei samanlikning til andre upopulære styringsmetodar.

– Dagens framgangsmåte minner meir om overleivningar frå dei gamle kommunistregima!

– Ein ufatteleg tanke

Både Johan, Asbjørn og Gullbjørn er klare på at det ikkje er muleg å leve på Skår utan ferjetilkomst.

– Vi som bur her fast vert i så fall nøydde til å flytte, noko som vil føre til at Skår gror att i løpet av 10 år. Det er ein heilt ufatteleg tanke for oss som har vakse opp her.

– Å ta frå oss ferjesambandet er som å kutte pulsåra på eit menneske – det er ikkje muleg å leve vidare, seier Johan.

F.v. Asbjørn Skår, Gullbjørg Birkeland og Johan Skår. Foto: Ivar Lid Riise