Det seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal. Tidlegare denne veka vart det klart at Domstoladministrasjonen (DA) ønskjer å gå vidare med utgreiingane om ei samanslåing av Sunnmøre tingrett i Ålesund og Søre Sunnmøre tingrett i Volda.

– Arbeidarpartiet meiner spørsmål om struktur og innhald i tingrettane må handsamast på ein langt betre måte, og vil foreslå dette i handsaminga av statsbudsjett for neste år, opplyser Holen Bjørdal.I spørjetimen onsdag forsøkte partiet å finne ut om justisministeren har tenkt å invitere Stortinget inn i prosessen, men svaret var negativt.– Prosessen her har vore elendig. Dette er ingen god måte å gjere det på. Tingrettane hadde fortent ei ordentleg politisk handsaming i tråd med arbeidslivet sine spelereglar. Dette er sterkt kritikkverdig. Arbeidstakarorganisasjonen Parat er tydeleg på at Domstoladministrasjonen her har brote føresegnene i hovudavtala, og ikkje teke omsyn til arbeidstakarane i prosessen.