I februar i år auka bøtesatsane for brot på vegtrafikklova med 30 prosent. No vil regjeringa auke satsane igjen, for å halde tritt med prisveksten. NAF er kritisk til om endå ein ny auke i trafikkbøtene vil verke inn på talet på lovbrot eller auke trafikktryggleiken.

– Vi etterlyser ein grundig gjennomgang om dei auka bøtene faktisk har hatt ein effekt på trafikktryggleiken og om det har vorte færre lovbrot etter auken, seier pressesjef i NAF, Ingunn Handagard, i ei pressemelding.

Handagard viser til at då regjeringa skrudde opp bøtesatsane i februar i år, vart auken grunngitt med det høge talet på trafikkdrepne i 2022.

– No har vi endå eit år med mange omkomne i trafikken. Viss høgare bøter ikkje verkar inn på talet på lovbrot eller ulykker, verkar auken meir som eit behov for å få inn pengar til statskassa enn eit trafikktryggleikstiltak, seier Handagard.

Etter prisauken vil det å køyre i 61 km/t i 50-sone koste 5. 650 kroner. Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK

Over 10.000 for mobilbruk

Med auken som er foreslått vil bota for å bruke mobiltelefon under køyring blir sett til 10.200 kroner. Det same vil brot på vikeplikta eller å køyre på raudt lys.

– Om bøtene blir sett for høgt, kan det gå imot rettferdskjensla til folk. Vi er i ei dyrtid og bøtene er allereie på eit høgt nivå. Då kan det bli oppfatta som umusikalsk med endå ein auke, seier Handagard.

Etter auken i februar i år bad derfor NAF Stortinget sjå på om eit system med inntektsavhengige bøter kan vere aktuelt for Noreg, slik dei har i Finland.

– Det er eit viktig prinsipp at ei straff er rimeleg og står i forhold til det regelbrotet som er gjort. Det bør også gjelde trafikkbøter, seier Handagard.