Det seier dagleg leiar Roar Eiken i Norgeshus Din Bolig AS, som har regien på bygginga av heile 117 nye leilegheiter berre i Ørsta.

42 av dei kjem opp på Øvre Mo, medan resten er fordelt mellom Vikebøen, Osmarka m.fl. Firmaet har også ansvaret for bygginga av nye Krokedalen barnehage, lågblokka på Engeset, og oppføring av åtte nye bueiningar i Fonnavegen der det velkjende Wellexhuset har stått grunnfast sidan 1973.

Det er her Møre-Nytt møter Eiken, i det gravemaskina et seg gjennom veggene som om det skulle vore mariekjeks.

Naudsynt

– Dei som kjøper bustader her på Wellex-tomta får ei fantastisk utsikt, seier Norgeshus-leiaren.

Han kjøpte arealet for tre år sidan, og forstår dei som reagerer på at ein no riv huset til han som eigde den gamle høgtalarfabrikken i Ørsta på -70- og 80-talet.

– Det er nok mange som tykkjer det er gale å jamne eit slikt staseleg hus med jorda, men det har stått tomt i mange år, og vi fann fort ut at bygget er i for dårleg stand til at det er vits i å restaurere det.

Det gamle må dermed vike for det nye, men skal ein tru Eiken sjølv er det naudsynt med høg byggjeaktivitet for å halde tritt med folketalet i Ørsta. Det er nemleg på aukande front.

Ketchup-effekt

– Det har vore god tilflytting til Ørsta dei siste åra, noko som aukar behovet for bustader. I tillegg er det stadig fleire som kjøper leilegheit åleine eller i par, noko som skil seg frå tidlegare der det ofte var fleire medlemmar i husstandane.

Ein del av oppsvingen i bustadsalet kan også forklarast med ketchup-effekten i kjølvatnet av finanskrisa for tre-fire år sidan.

– Då krisa herja opplevde vi at nærast ingen ville investere i ny bustad. Dette gjaldt særleg for avdelinga i Ålesund. No merkar vi ein heilt motsett tendens, seier Eiken.

Dobla verdien

– Er det meir attraktivt å kjøpe enn å leige i dag?

– Ja, i alle dei fjorten åra Din Bolig AS har vore etablert i Ørsta har det vist seg å vere rimelegare å eige enn å leige. Vi satsar på husbankfinansiering med ei låg rente. Alle våre bustadar har i tillegg livslaupstandard og universell utforming, seier Eiken.

Ferske tal frå Husbanken viser at den flytande renta ligg på 2,08 prosent.

– Men kva viss bustadprisane fell, slik enkelte ekspertar åtvarar om?

– Vi har aldri fått noko signal om at bustadprisane vil falle. Til og med då krisa kom for fire år sidan heldt prisane seg stødig, sjøl om bygginga stoppa opp. Dei som kjøpte hus med oss i Ørsta for åtte år sidan har tvert om meir enn dobla verdien på bustadene sine.

– Vi står klare

– Korleis ser du føre deg utviklinga i Ørsta i dei komande åra?

– Vi har stor tru på at ekspansjonen vil halde fram. I mai kom planavdelinga i kommunen med ei vurdering som stadfesta at det er behov for heile 480 nye bustader i Ørsta fram mot 2020. Då er vi klare! seier Eiken.

Dagleg leiar Roar Eiken i Norgeshus Din Bolig og prosjektleiar Per-Erik Vartdal ved dei nye bustadtomtene i Osmarka.