Det har samfunnsutvalet i Ørsta kommune samrøystes vedteke.

Bucci Arkitektur & Design har klaga på vedtaket frå samfunnsutvalet om å gi ei bot på 50.000 kroner. Samfunnsutvalet kan ikkje sjå at klaga legg fram nye moment som gjer at saka bør handsamast på nytt eller endrast. Og samfunnsutvalet står fast på sitt vedtak og sender saka til Fylkesmannen for endeleg avgjerd,

Samfunnsutvalet fatta i møte i juni vedtak etter plan- og bygningslova, der det vart gitt gebyr etter pbl § 32–8 for brot på vilkår om fargeval på bygning som var gitt i vedtak om dispensasjon for oppføring av ei større bygning i Ørsta sentrum. Gebyret var retta mot føretaket Bucci Arkitektur & Design AS som ansvarleg søkjar og prosjekterande for tiltaket.

Det aktuelle vilkåret i dispensasjonsvedtaket har fylgjande ordlyd: Samfunnsutvalet set som vilkår at fasadane skal vere lyse, jf. målsettinga om Ørsta som ”den kvite byen” i tettstadanalysen 1999.

Analyse

Føretaket har klaga på vedtaket og klaga legg i hovudsak fram at når vedtaket viser til tettstadanalysen, så må setninga ”fasadane skal vere lyse” vurderast opp mot innhaldet i tettstadanalysen elles. Kommunen har lagt til grunn at samfunnsutvalet gir eit pålegg om bruk av lyse fargar, og at visninga til tettstadanalysen er for å forklare kvifor dei kjem med eit slik krav.

Klaga tek opp spørsmålet om samfunnsutvalet skal bestemme fargeval i kvar einskild sak.

Rådmannen forstår det slik at det ikkje er gebyret sin storleik som har betydning for føretaket, men at dei meiner at kommunen ikkje har grunnlag for å påstå at bygget er forma ut i strid med samfunnsutvalet sitt vedtak om dispensasjon. Føretaket meiner seg personleg angripen og ønskjer saka vurdert av ein nøytral profesjonell part.  Rådmannen forstår det slik at føretaket ønskjer Fylkesmannen si vurdering av om kommunen si sakshandsaming og vurderingar er i samsvar med gjeldande rett.

– Etter det rådmannen kan sjå legg klaga i prinsippet fram dei same momenta som vart lagt fram før samfunnsutvalet fatta vedtak om gebyr. Det fylgjer av god forvaltningskikk at kommunen si sakshandsaming skal fylgje grunnleggjande prinsipp som likehandsaming, føreseielegheit, habilitet og rettferd. Når det gjeld lovbrotgebyr etter plan- og bygningslova er det for å sikre rettstryggleik for den enkelte, viktig at sakshandsaminga og gebyra sin størrelse ikkje vert vurdert vilkårleg, seier rådmannen.

Han meiner kommunen difor bør etablere ein eintydig praksis som gir innbyggarane reell moglegheit til å gjere seg kjend med kva ein risikerer ved eventuelle lovbrot.

Det vert også vist til at samfunnsutvalet i 2010 gjorde eit prinsippvedtak om at kommunen skulle ta i bruk lovbrotgebyr for å auke respekten for plan- og bygningslova.