I den vesle smådyrklinikken i Webjørn Svendsengata står dyr med eigarar i kø for å sleppe inn til veterinæren, Siw Røeggen Lødemel. Men ho let seg ikkje lett stresse, der ho går mellom behandlingsromma smilande, men høgst fokusert.

Innanfor desse dørene viser både ho og dei flittige arbeidskollegaene hennar ei enorm omsorg for alle dyra som kjem innom. I ferietida er det ikkje få som tek turen til klinikken.

– Om våren og sommaren er det generelt mykje å gjere. Men eg føler det elles er aukande med arbeid i klinikken. Grunnen til det er at mange har dyr, men også fordi eg føler det har skjedd ei haldningsendring blant dyreeigarar om å ta med dyra sine til veterinæren, fortel Lødemel.

Intenst

Då Møre-Nytt var innom klinikken var det eit breitt spekter av problem som måtte takast fatt i. Først inn var kattungen Lisa som fekk ein helsesjekk i tillegg til vaksinering og ID-merking. Sistnemnde fortel Lødemel at har vorte meir og meir vanleg. Då vert ein liten microchip med eit nummer injisert under huda på dyret, og dyret og eigaren vert registrert i Dyreidentitet sitt register.

– Dette vil eg oppmode alle dyreeigarar om å gjere, seier Lødemel.

Neste inn er ein Sibirkatt, som er ute for eit vanleg problem; tova pels. Dei vel å lage sommarsveis på katten, og pelsen vert barbert vekk.

Tova pels var også problemet til hunden som kom inn etterpå, som også måtte få sommarsveisen på plass.

Operasjon, røngten, vaksinering, utskrift av reseptar, ID-merking og sterilisering er noko av det dei tek seg av i klinikken. Vaksinering er det mykje av i ferietida, då mange dyr skal på kennel, der dette er påkravd. Å lage pass til dyra er også noko klinikken tek seg av.

– Det er kjekt at det er så mykje ulikt å gjere i dette yrket. Eg er stadig på kurs for å forbetre kunnskapar. Det er viktig. Det er så mange problem som kan fiksast no, men dei kan vere kostbare. Eg vil difor oppmode eigarar om å forsikre dyra sine, for å unngå å kome i det ufør at pengar skal vere stopparen for å kunne hjelpe dyra sine, avsluttar Lødemel.

<strong>Flink bisk:</strong> Siw er gåvmild om godbitane til dyra ho hjelper. Hunden Freia på 4, 5 månader fekk seg ein helsesjekk og vaksine.
<strong>Merking:</strong> Her blir kattepusen Lisa ID-merka. Lødemel fortel at det har vorte meir og meir vanleg å ID-merke dyra sine, og det er ho glad for.
<strong>Barbering:</strong> – Tova pels er vanleg når det regnar. Dyrepleiar Ida Maria Buzon Ose barberar pelsen.