– Nei, no vart eg skikkeleg imponert! seier farfar Sverre Hagen (87), i det Møre-Nytt treff trekløveret med nær slekt som kjem ut av kinosalen i Ørsta etter premiera på tidenes dyraste norske film – «Kon-Tiki».

Hovudrolleinnehavaren Pål Sverre Hagen har djupe røter i Ørsta, og er son til VG-teiknar Roar Hagen.

– Terningkast seks

Både onkel Guttorm og tante Brit Humberset Hagen var også strålande nøgde med både filmen og nevøen sin innsats.

– Dette er ein klar terningkast seks for oss. Eg vart særleg imponert over kor bra Pål Sverre klarte å imitere engelsken til Heyerdahl, seier Guttorm.

Begge tykkjer delen med flåta og landsetjinga i Polynesia var fin, men Guttorm likte best dei fyrste sekvensane i New York der «Heyerdahl» prøvde å få napp hjå firma som kunne finansiere reisa.

Brit var mest fascinert av scenene i byrjinga der Thor og kona Liv budde på øya Fatu-Hiva i pakt med naturen.

Godt budd

Farfar Sverre har eit sterkt forhold til historia om Heyerdahl si reise, men seier han ikkje er overraska over at Pål Sverre lukkast med å portrettere den norske eventyraren Thor Heyerdahl.

– Eg hadde rekna med at han greidde jobben bra, for eg veit kor mykje arbeid han la ned for å finne ut korleis Thor var. Ei stund budde han også utanlands for å jobbe med karakteren.

Som enda eit prov på dedikasjonen hugsar trioen at nevøen høfleg måtte avvise tilbodet om ballmiddag då han vitja dei før innspelinga i 2011.

– Han stod imot middagslukta og sa at han hadde fått streng melding om å halde seg til tunfiskdiett og hard trening for å gå ned i vekt til rolla, seier Guttorm.

– Perfekt for Pål

Alle tre er klare på at rolla i «Kon-Tiki» var som skapt for Pål Sverre,

– Han har alltid vore fascinert av naturen, heilt sidan dei leika i fjøra her i Ørsta, og starta med turar i Skorgedalen og dei andre fjella her i området, seier Brit.

Ho fortel også at det ikkje er fyrste gang Pål Sverre har trakka i fotspora til Heyerdahl. For seks år sidan var nemleg skodespelaren og sonen deira, Bernt, på oppdagingsferd til Sør-Amerika – nærare sagt Amazonas og Peru, der Kon-Tiki-reisa starta.

– Dette var ei perfekt rolle for Pål Sverre. Både grunna naturinteressa og eventyrlysta, men også fordi han fekk vist breidda sin som skodespelar der han fekk drage opp smilet og spele på sjarm, dramatikk og romantikk. Han er ein storsjarmør i det verkelege liv også skal du vite, seier Brit med eit smil.

Internasjonal

Kinosjef Bjørn Holum trur «Kon-Tiki» har internasjonalt potensial.

– Den kan nå langt, både fordi filmen er unorsk i stilen, og fordi Thor Heyerdahl er såpass kjend over heile verda. Meir enn vi trur faktisk.

Han trur og håpar at «Kon-Tiki» vert den mest sette filmen ved Ørsta kino i år.