Anten du skal storhandle eller berre kjøpe ein pakke med sukker, er det ein ting som er sikkert – det er ingen mangel på matvarebutikkar i Ørsta.

Saman med nyopna Bunnpris, er det no sju butikkar å velje mellom berre i sentrum. Tolv viss ein tek med butikkane i Barstadvik, på Vartdal, Sæbø og Urke - og heile nitten butikkar viss ein plussar på dei seks i Volda.

Kamp

Dagleg leiar Ann Charlotte Sørheim har nettopp vore med og endra Mega-konseptet til Coop Extra, og no varslar ho priskrig og kamp om kundane.

– Ja, no er det såpass mange butikkar i Ørsta som kjempar om den same kundemassen at eg trur det vert mykje priskrig i tida som kjem, seier ho.

– Kven kjem til å vinne?

– Coop Extra sjølvsagt! Eg kan no ikkje seie noko anna, humrar ho.

Strekk seg langt

Sørheim seier endringa frå Mega til Coop Extra har gjeve dei ein ny kvardag med mykje nytt å setje seg inn i, men ho nemner at dei er godt rusta til å kapre kundane dei treng.

– Vi satsar stort på vareutval og ferskvare, og er bortimot den einaste lågprisbutikken i landet som tilbyr catering. I dag har eg til og med fått tak i mjøl frå Mylnå i Volda, så vi går langt i å gjere forretninga vår attraktiv for kundane.

Avslappa konkurrentar

Møre-Nytt har snakka med fem av dei andre matvareforretningene i bygda. Dei er langt meir avslappa til å vinne kundane sin gunst.

Sjølv nyetablerte Bunnpris – som opna på Amfi 15. august – seier dei ikkje vil vere med på nokon priskrig med korkje naboen Coop Extra eller andre.

– Vi tevlar sjølvsagt med dei andre forretningane i bygda, men vi kjem til å køyre vårt vanlege løp ved å ha alt på stell i butikken, og annonsere med kundeaviser. Konkurranse er berre sunt, seier dagleg leiar Susanne Stolsmo.

Ho opplyser at butikken allereie har fått ei god mottaking av publikum – særleg grunna det søndagsopne tilbodet.

– Det er klart det er spennande å vere heilt ny her på Amfi. Vi startar med null kundar og blanke ark, men tilbakemeldingane har vore gode så langt, seier Stolsmo.

– Skal takle konkurransen godt

Eigar av Kiwi (Asko), Arne Johan Rebbestad seier at heller ikkje dei kjem til å setje i verk noko ekstra tiltak for å få ein føremon i kampen om kundane. Senking av prisane er ikkje aktuelt no.

– Det er avgrensa kor mykje vi kan gjere lokalt, og prisane vert fastsett på regionalt og nasjonalt nivå. På noverande tidspunkt føler eg vi har opparbeidd oss ei solid gruppe med faste kundar gjennom dei 50 åra butikken har vore her, og fleire kjem til med nybygginga i Mosmarka. Vi skal greie oss, og konkurranse verkar berre skjerpande. Kiwi sine garantiar, bleieavtale og fordelsprogram i kombinasjon med faste låge prisar meiner vi gir kundane dei aller beste innkjøpsforholda for daglegvare i Ørsta., seier Rebbestad.

– Det er nærast ein fordel for dykk å liggje utafor sentrumskjernen?

– Vel, vi har lite gjennomgangstrafikk, men dei lojale kundegruppene våre bidreg til at vi merkar mindre til konkurransen frå nyetablerte butikkar i sentrum.

– Tida vil vise

Cathrin Elvanes er dagleg leiar ved Coop Prix – butikken som har stått stødig sidan byrjinga i 1975 med namnet Ose Filial.

Med ein butikk som har over 35 års fartstid og ei lojal kundegruppe, føler heller ikkje Elvanes at konkurransen frå dei nye matvarehandlane trugar verksemda.

Hermann Vatne på Rema 1000 seier tida vil vise kva for verksemder som vil overleve i bransjen.

– Konkurransen i Ørsta er uansett hard, det er sikkert.

– Er det aktuelt å kaste seg inn i ein priskrig?

– Nei, fordi tallause undersøkingar viser at Rema har dei lågaste prisane uansett, seier Vatne.

– Nok butikkar no

Eurospar er den einaste butikken vi har snakka med i denne reportasjen som ikkje følgjer lågpriskonseptet. Dei er også åleine om å ha eigen ferskvaredisk, no som Mega er vekke.

Leiar Harald Aambø seier dei kjem til å satse endå meir på varm mat framover, men heller ikkje han ser føre seg at dei skal seinke prisane for å konkurrere med dei andre i marknaden.

– Vi må følgje føringane frå kjedeleiinga. På tilbodssida er vi likevel mest aktive av alle, og verksemda går godt, seier han.

– Er kundegrunnlaget i Ørsta stort nok for sju matvarebutikkar?

– Det er vanskeleg å seie, men det er i alle fall mange nok forretningar no, seier Aambø.

Dagleg leiar Susanne Stolsmo ved nyopna Bunnpris på Amfi.
Eigar Arne Johan Rebbestad ved Kiwi (Asko).
Dagleg leiar Cathrin Elvanes ved Coop Prix på Ose.
Hermann Vatne ved Rema 1000.
Eigar Harald Aambø på Eurospar Ørsta.