– Kva er konsekvensane av det ein foreslår?

Det vil Møre og Romsdal fylkeskommune vite. Kommunedelplanen for ny E39 Volda - Furene (Voldatunnelen) er ute til offentleg ettersyn for andre gong.

Det er butikkareala i Furene som uroar fylket mest. Fylkesplanleggarane vil ikkje ha meir detaljhandel i området enn det som allereie er der.

Fylket meiner mellom anna at ein del av planen til kommunen er å opne for meir detaljhandel i Furene, utan at konsekvensane av dette er utgreidd.

Planane om Termen kjøpesenter kan lett bli oppfatta som at detaljhandel i enkeltbutikkar er akseptert. Slik er det ikkje, ifølge fylkeskommunen. Dei vil at heile Termen blir fjerna frå planane.

I første runde hadde fylkeskommunen fleire motsegner. Nokre av desse er trekte i denne runden, men fylkeskommunen er altså framleis ikkje nøgde med konsekvensutgreiinga.

Om kommunen justerer delane av planane det framleis er reist motsegn mot, er fylkeskommunen nøgde og vil godkjenne planen.