Då avgjorde formannskapet at ordføraren, varaordføraren, rådmannen og assisterande rådmann er dei personane i Ørsta kommune som kan vere seremonimeistrar ved ein borgarleg vigsel.

Frå nyttår tek kommunane over ansvaret for borgarlege vigslar frå tingrettane. Og i Ørsta byrjar ein no å bu seg med å lage eit regelverk for borgarlege giftarmål.

Det skal verte gratis å gifte seg i kontortida. Kvar lokala skal vere, er ikkje bestemt. Synnøve Rekkedal Hill (Sp) ynskjer framleis Kunsthuset.

Dersom nokon vil gifte seg utanfor kommunen si kontortid, og dessutan andre stader enn dei lokala kommunen til slutt vel å nytte, dei må betale for dei faktiske utgiftene.

I formannskapet var det nokre som såg på ordninga med kommunale vigsler som ein kuriositet, og andre såg det som ei mulegheit.

– Dette kan verte ein fin måte å marknadsføre kommunen på, sa rådmann Wenche Solheim.