I desse dagar er hjelpekorpset klare med ei ny utgåve av adventskalenderen.

– Adventslotteriet er hjelpekorpset sitt «store krafttak» for å skaffe pengar til aktivitetar og utstyr. Og er den største inntektskjelde for hjelpekorpset, seier Helge Vatne. leiar i Ørsta Røde Kors.

Han peikar på at det er eit aukande behov for korpset sine frivillige tenester.

– Vi opplever stadig aukande ferdsel i fjellet, på sjøen og i naturen elles. Det skjer samstundes som det vert større forventningar om kva vi skal yte. Det er ei utfordring vi heile tida prøver å møte. Og som vi føler at vi lukkast rimeleg bra med, seier Vatne.

Han fortel om eit korps som bur seg på eit «tøffare» klima. Mildare vintrar vil også kunne gje snøskred.

– Og faren aukar betydeleg for både jordskred og flaumskadar. I Røde Kors prøver vi å kunne yte betydeleg innsats også i slike situasjonar, fortel Vatne.

Han og Røde Kors opplever eit særs godt samarbeid med både kommune og politi. Både når det gjeld omsorg, redning og å hjelpe andre i innsats.

– Dette krev også store investeringar i å både fornye, og forbetre utstyr, seier Vatne.

Mellom investeringane siste åra er ein ny firehjulstrekk bil, eit ambulerande lysanlegg med kraftig "fotballbane-lys" og fleire typar lyskastarar som også vil vere til hjelp for politiet.

Vidare vert det investert i vidare sambandsutbygging.

– Det nye naudnettet er eit svært godt samband til dagleg bruk og til samarbeid mellom politi og andre på tvers av kommunegrenser. Men det har sine avgrensingar. Dels har vi tilgang på lite utstyr, men eit så avansert og komplisert nett er også sårbart i ekstremvêr. Og det er andre behov som ikkje vert dekt, seier Vatne.

Difor vert det i samarbeid med Røde Kors både i Volda og Vanylven oppgradert til eit vesentleg betre VHF-samband. Dette vil dekkje det aller meste av desse tre kommunane, og alle bebygde område.

Då er det adventskalender-salet vert eit viktig bidrag som den viktigaste inntektskjelda til hjelpekorpset.

– Sidan 1999 har kalendrane kosta hundre kroner, og med opptil kr 75.000 kroner i gevinstar. Kostnadane har ikkje «stått stille» i Norge desse åra Heller ikkje for hjelpekorpset. Difor seier vi at heller enn å lage nye inntektsgjevande tiltak i konkurranse med andre lag og organisasjonar som også skal skaffe pengar til verdfulle aktivitetar, vel vi å forbetre det vi har, fortel Vatne.

Dobbelt så stort

Hjelpekorpset gjer difor adventslotteriet dobbelt så stort! med 150.000 kroner i gevinstar, og ein salspris per kalender på to hundre kroner.

Vatne og hjelpekorpset håper at alle tek vel i mot korpset sine folk når dei kjem på dørene med kalendrane.

– Vi startar salet måndag 13. november, og prøver å dekke heile kommunen før månaden er omme. Vi håper dei fleste har kontantar eller Vipps.

På Vartdalsstranda samarbeider hjelpekorpset med Vartdalsstranda Generasjonskorps. Dei sel på strekninga Rjåneset–Festøy og ytre Hjørundfjordstranda. Og får på den måten ei ekstra inntekt til sin aktivitet.

– Resten av kommunen siktar vi på å dekkje sjølve. Men også her får vi ofte litt ekstra hjelp som vi set stor pris på. Heldigvis er det både støttemedlemer og andre som gjev oss ein handsrekning og sel kalendrar, seier Vatne.

Viss nokon kan tenkje seg å hjelpe hjelpekorpset med aksjonen, er dei inviterte til Røde Kors-huset måndag 20. november eller dei kan ta kontakt på telefon eller e-post.

Lyspanel: Ørsta Røde Kors har investert stort i eit lyspanel som skal gje lys under aksjonar. Foto: Pressefoto
VHF: Hjelpekorpsa på Søre Sunnmøre har oppnådd stor dekning med VHF-utbygginga. Foto: Pressefoto