– Behovet for Torvmyrvegen er det ganske unison støtte til i Ørsta og Volda. Han er viktig for å kunne skape eit flybusstilbod, for beredskapen i næringsområdet i Hovden og for utvikling av området. No skal Voldatunnelen byggast, og då må vi ha planlegginga på plass i rett tid. Her vi må ting sjåast i samanheng, til dømes med tanke på bruk av tunnelmasse. Vi må kome i gang med planlegginga av vegen, sa Hans Olav Myklebust (Frp) då formannskapet diskuterte Torvmyrvegen i møtet torsdag.

90–100 millionar

Det har lenge vore eit ønske å lenge vegen i Torvmyrane mot Volda og kople han inn på E39 i Furene. Dette vil ikkje minst avlaste det svært problematiske flyplasskrysset i Hovdebygda.

Problemet har vore å finne ei løysing som både er akseptabel med omsyn til hjortekryssinga i området og høgderestriksjonane for lufthamna. Både landbruksavdelinga hos fylkesmannen og Avinor har hatt motsegner mot skissene som har vore lagde fram tidlegare.

Før jul utarbeidde Statens vegvesen ein ny plan, som både oppfyller høgderestriksjonane og krava til hjortetrekket. Forslaget er å legge vegen i to kulvertar. Den eine under dagens hjortetrekk på kommunegrensa, parallelt med E39, og den andre under ny E39 mot Voldatunnelen. Deretter blir Torvmyrvegen kopla inn på dagens hovudveg i Furene. Denne blir ikkje lenger E39 når Voldatunnelen står ferdig. Det er altså ikkje snakk om å kople han inn på rundkøyringa i Furene, men bygge eit nytt kryss/rundkøyring på Volda-sida.

Ulempa med dei nye planane er kostnaden. Det må gravast ut mykje massar og vegen må senkast i terrenget. Statens vegvesen meiner difor han totalt vil koste mellom 90 og 100 millionar kroner å bygge.

Varaordførar Karen Høydal seier til Møre-Nytt at det ikkje er avklart kor store delar av kostnaden kommunane må ta. Kulverten under nye E39 meiner ho bør vere del av finansieringa av Voldatunnelen.

– Her må det uansett vere ein undergang for dei som bur i området, seier ho.

Bompengar

– Vi i administrasjonen er ikkje negative til vegen, vi ser heilt klart behovet. Men vi må ha klart føre oss at Statens vegvesen seier at kostnaden med vegen må takast av kommunane, eventuelt som ein del av bompengepakken, forklarte Wenche Solheim.

– Utfordringa dersom vi skal ta denne vegen inn i bompengepakken, er at bompengetaksten og innkrevjingstida vil auke vesentleg, supplerte ordførar Stein Aam (Sp).

– Dette er politiske drøftingar, men vi må vere klar over at det har konsekvensar å auke bompengetaksten. Det kan til dømes påverke næringsetablering i Ørsta sentrum og Volda sentrum, presiserte assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

Samrøystes vedtak

Varaordførar Karen Høydal (Ap) fremja forslag om å be formannskapet ta initiativ til å regulere ferdig Torvmyrvegen snarast, i samarbeid med Volda kommune. Dette vart samrøystes vedteke.

– Det er svært viktig å ikkje stoppe opp i dette arbeidet, sa Høydal.

– Forslaget til Ap er fornuftig. Det er etablert mykje næring i dette området som har forventning om betring av infrastrukturen, og det er ein av grunnane til at denne vegen er viktig, sa Per-Are Sørheim (H).

Ifølgje rådmannen er planen at Volda kommune skal stå for planarbeidet, i nært samarbeid med Ørsta kommune.

Flyplasskrysset vart også tema under møtet. Fleire formannskapsmedlemmer stilte spørsmål ved behovet for ei rundkøyring i flyplasskrysset når Torvmyrvegen blir lenga.

– Kan ikkje vi då innføre forbod mot å svinge mot Volda i flyplasskrysset, spurde Roger Vartdal (KrF).

Flyplasskrysset vart likevel ikkje del av vedtaket i formannskapet.

Fremja forslag: Varaordførar Karen Høydal (Ap). arkivfoto Foto: Marius Myklebust