Det seier prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven.

Torsdag møtte han Gunnar Strøm og Marit Aklestad frå SV. Dei to kom for å presentere partiet sitt alternative framlegg til budsjett, der dei mellom anna tek tilbake 300 millionar kroner som regjeringa har foreslått skal gå til oppdragsforsking. SV vil ha dette tilbake til basisløyvingane til høgskular og universitet.

– Pengar til forsking favoriserer dei store institusjonane som har mange forskarar, og tappar distrikta for ressursar, seier Strøm og Aklestad.

Groven er glad for framlegget, og meiner også at den beste måten å hjelpe dei små og mellomstore utdanningsinstitusjonane på, er å gi pengar til stipendiatstillingar. Også her har SV lagt inn 20 millionar kroner, og sjølv om midlane ikkje er øyremerkte Volda, meiner Marit Aklestad at det er eit viktig signal å sende.

– Det har vore få stipendiatstillingar som har gått til Volda og Molde dei siste åra, stadfestar Groven, som ikkje vil spekulere i grunnar til dette, anna enn at han kan slå fast at Volda og Molde vert små samanlikna med dei store.

I sitt framlegg til budsjett vil SV også gi pengar til 1.000 nye studieplassar, og reversere dei planlagde kutta i administrasjonen.

– Hovudbodskapen er at dei grepa regjeringa tek, gjer at dei største og eldste høgskulane og universiteta kjem best ut. Oslo, Bergen og Trondheim får den største delen av kaka, seier Aklestad og Strøm.

Og slik vil dei ikkje ha det. Store delar av verdiskapinga i landet skjer nemleg ute i distrikta.

– Professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda har sett på dette, og det viser seg at dei studentane som studerer i distrikta, også gjerne vert verande i distrikta. Vi må gi ein sjanse til dei politikarane som styrer no, men vi i Volda må også verte flinkare til å seie at høgskulen her er utruleg viktig for vår region. Vi utdannar kanskje ikkje ingeniørar, men vi utdannar mange lærarar og sosialarbeidarar, og dei vert ofte verande her. Det mantraet må vi gjenta så mykje vi kan, seier Groven.

Det er Gunnar Strøm samd i.

– Sunnmørskulturen er med rette stolt over gründerånda og store suksessar innan næringslivet, men vi må ikkje gløyme at vi har ein profesjonshøgskule som utdannar for velferdssamfunnet. Alt dette heng saman, seier Gunnar Strøm.

– Størst er ikkje alltid best, seier Marit Aklestad.

– Volda er eit svært godt eksempel på at også dei mindre høgskulane kan levere høg kvalitet på sine felt, både regionalt og nasjonalt. Men dei treng rom for å utvikle sine styrker, og tillit til å stake ut ei retning for framtida, utan å få løysingar tredd nedover hovudet. Vi treng dei desentraliserte utdanningsinstitusjonane, som er ein viktig kompetansearbeidsplass som genererer eit mangfald av aktivitetar.