Norsk-amerikanske Tale Catherine Burgess Øyehaug (22) frå Ørsta, busett i New York, prøver å sette ord på kjenslene og tankane kring presidentvalet i USA, ettermiddagen etter at valnatta var over.

I tre år har Tale studert i New York, og i år fekk ho oppleve å vere i landet under det som har vorte kalla ”tidenes skitnaste valkamp”. Ein valkamp mange såg fram til at skulle ende. Men den håpefulle stemninga som prega valdagen for Tale og dei rundt henne, brast raskt utover valnatta.

– Vi er i sjokk over at Trump vann, og eg er i sorg i dag. Alt er veldig stille. Folk eg har prata med veit ikkje kva dei skal seie eller gjere. Mange kjenner seg flaue over å vere amerikanar, fortel Tale.

Ei heilomvending

– Alle eg snakka med siste tida og alle dei eg var saman med valdagen var sikker på at Hillary skulle vinne. Folk ville ikkje ein gong tenke på moglegheita om at Trump kunne sigre. Etter kvart som resultata frå statane kom, innsåg vi at han hadde ein stor sjanse. Folk vart stressa, nervøse og redde, forklarar Tale.

Det var i gymsalen på Sarah Lawrence College at Tale, og om lag hundre andre studentar, var samla kring storskjermar for å følgje presidentvalet.

– Denne skulen er kjent for å vere veldig liberal, og eg kjenner knappast til nokon republikanarar på skulen, heller ikkje i New York generelt. I mitt miljø er det vanskeleg å forstå at det finst så mange Trump-supporterar elles i USA. Eg visste sjølvsagt at supporterane eksisterer, men ikkje i så store mengder.

Mobiliserer

Siste dagane har motstandarar av Trump gått saman og demonstrert i gatene i New York, og mange andre byar i USA, for å ta avstand til den nyvalde presidenten, og dei standpunkta han har stått for gjennom valkampen.

– Det er dette som står i fokus no. Vi må vise at politikken hans ikkje er rettferdig. Det einaste lærarar på skulen har snakka om siste dagane er at den einaste måten forandringar skjer på, er gjennom å stå saman å kjempe mot det som er feil for våre rettar.

Heldigvis viser det seg at min generasjons veljarar har vore veldig aktive i denne valkampen, og det viser håp, reflekterer Tale, og legg til:

– Det vert spennande å sjå kva som skjer framover. Eg er utruleg heldig som har to statsborgarskap og har eit val om å ikkje vere her. Det har ikkje alle. Mange seier for eksempel at dei skal flytte til Canada, men alle kan ikkje gjere det. Det har fått meg til å tenke over kor heldig eg er, i motsetnad til mange av dei amerikanske vennane mine.

<strong>Står i mot:</strong> Under demonstrasjonen mot Donald Trump i New York. Foto: privat.