Sunnmørsalpane får hemningslaus ros i ein reiselivsreportasje i Aftenposten fredag.

Med utgangspunkt i skiguidane Sverre Hjelmeland og Karsten gefle, vert det peika på at området som no av det som er på veg opp i reiselivssamanheng.

« – Skikøyringa i Sunnmørsalpane er noko av det beste Noreg kan by på. Berre sjå på utsikta ...

Tindeførar Sverre Hjelmeland nikkar ned mot Hjørundfjorden frå fjellet Bleia.

Bak han står ein fargefull og målbunden gruppe med internasjonale skituristar. Dei stadfestar påstanden med mumling og opne kjevler medan fellene vert kledd av skia.

Tindane rundt Sunnmøre har akkurat kjempa seg gjennom det drivande skydekket og den mørkeblå fjorden står i sterk kontrast til dei kvasse kvite toppane.

– Eg forventa bratte fjell som stupte ned i imponerande fjordar. Eg forventa enorm utsikt over nesten uendelege fjelltopper, samt spinkel bjørkeskog vi kunne svinge på kryss og tvers gjennom på veg ned. Eg forventa små raude og gule hus langs fjordkanten, og kva kan eg seie – alle ingrediensane er her. Ein totalt annleis skioppleving enn du får heime i Sveits, seier Agneta Heuman og held på hua i det kraftige vindveret.»

Slik vert reportasjen innleia, og han held fram med mange superlativ om området, naturen og ikkje minst reiselivsbedrifter som Rekkedal gjestehus og Sagafjord hotell.

Reportasjen kan du lese her: Skikjøring i «hemmelige» norske alper er noe av det beste i landet