Både Mesterhus Sunnmøre og Norhus avd. Ørsta er kritiske til at Ørsta kommune har to veker med full stopp i sakshandsaminga på byggjeteknisk avdeling, grunna fellesferien.

Silseth tykkjer kritikken er urettferdig, og seier til Møre-Nytt at kommunen har gjort sitt beste for å gjere ferieavviklinga så smertefri som muleg.

– Vi er ein liten kommune med berre to sakshandsamarar på byggjeavdelinga, men dei har stått på maksimalt for å få ferdigstilt mest muleg arbeid til ferien, seier Silseth.

– Berre å ta kontakt

Dagleg leiar Henning Heltne i Mesterhus sa at han måtte ta folk ut av ferie for å rekkje å svare på kommunen sine klagefristar.

Silseth seier dette ikkje er naudsynt.

– Det er berre å ta kontakt med oss, så skal ein få utsett klagefristen. Andre byggjefirma har ringt oss, og fått utsetjing.

Per Sigvald Hoggen i Norhus nemnde på si side at feriestoppen er verst for privatpersonar som ikkje er klar over kommunen sine fristar.

Til dette utspelet seier Silseth at det er heller få private som søkjer på eigen hand.

– Byggjesøknader er ein såpass omfattande prosess i dag at dei vert utført av verksemder i dei aller fleste tilfelle.