Møre-Nytt treff den ferske kvintetten ved folkehøgskulen under eitt døgn etter at dei sett sine bein i Ørsta for fyrste gang. Inntrykka sat naturleg nok laust etter berre nokre timar i bygda.

– Ørsta verkar som ein veldig hyggjeleg plass, med mykje fjell og flott natur. Det var på grunn av dei naturskjønne omgjevnadene eg kom hit, seier Sigurd Lindland frå Kristiansand.

Han skal gå på ekstremsportlina, noko som rimar bra med kjærleik til naturen.

– Eg la også merke til at her er mykje rånarar, seier Lindland med eit smil.

Saman sit han i storstova med Marthe Grimstad frå Fredrikstad, Maja Husby frå Stord, Aina Helgheim frå Eidsvåg og Einar Olavsson Jordell frå Arendal.

– Utfordring å bu tett

– Det gjaldt å kome seg langt vekk frå heimen, og lære seg å verte sjølvstendig, seier Husby, på spørsmål om kvifor dei valde Folkehøgskulen i Ørsta.

– Artig å vere i ein ny del av Noreg også, seier Grimstad.

Helgheim gler seg til å ta fatt på Afrika-studiar, men ho er klar på kva som vert den største utfordringa dei neste åtte-ti månadene.

– Det er å bu såpass tett med så mange andre. Eg er ein person som treng tid for meg sjølv, seier ho, og får samtykke frå resten, som også føler det vert nytt å stue seg inn på tomannsrom med ukjende.

– Det kjem til å verte nokre joggeturar i skogen for å få litt åleinetid for å seie det slik, nemner Jordell med eit smil.

Danningsreise

Dei neste månadene skal nyttast til å studere både Afrika, Kina, Egypt, ekstremsport og Animasjon.

På spørsmål om kva forventingar elevane har til opphaldet i Ørsta, er dei kjappe med å svare at i tillegg til studia, ser dei fram til fjellvandringar, møte nye folk, og ikkje minst lære viktige «ting», som til dømes å vaske kler.

– Dette er jo ein slags mellomstasjon, der vi kan finne ut kva vi skal gjere vidare, seier Jordell.

Flest frå aust

Rektor Odd Steinvåg har kledd seg i lilla t-skjorte med påtrykk av både namn og tittel, slik ein ofte ser fadderane ved Høgskular og universitet har på seg.

– Er det fadderskjorta di, Odd?

– Hehe, nei det er nytt av året at alle tilsette skal ha på seg desse, slik at det vert lett for elevar og foreldre å kjenne oss att, seier Steinvåg.

Han kan opplyse om at folkehøgskulen har fått inn fleire elevar frå Austlandet enn nokon gang.

– I år er det faktisk klart flest frå Akershus (22) av ein eller anna grunn. Det er spesielt, sidan det ofte er vanskeleg å få byfolk ut hit.

– Kvifor trur du Austlandet og Akershus er så godt representerte?

– Eg veit ikkje, men vi er glade for alle som vil kome hit, seier han.

Rektor Odd Steinvåg seier alle tilsette har vorte pålagt å gå med «fadderskjortene», som viser både namn og tittel. Foto: Ivar Lid Riise