Onsdag 13. juni var det styremøte i Urke Landhandel – det siste før generalforsamlinga onsdag 27. juni.

På møtet kunne styret og dei tilsette glede seg over at butikken hadde eit overskot på kr 53.227. Det let seg høyre, etter å ha opplevd tre år på rad med underskot.

– Kvifor går de no i pluss trur du?

– Det kjem nok av at handelen har auka litt, medan driftsutgiftene er minimale, trass gradvis lønsauke. I tillegg til matsalet har vi hatt god inntening på tipping, post i butikk og ikkje minst ølsalet, seier styreformann Johannes Halland.

Turistauke

Han fortel at turistane også skal ha æra for at butikken er sikra lengd liv. Talet på fastbuande vert færre kvart år, men talet på hytteturistar og andre tilreisande aukar. Difor klarer landhandelen å halde oppe omsetninga.

– Har dei tyske turistane byrja å handle meir, kanskje?

– Hehe, nei dei har nok framleis med alt dei treng i bilane sine. Dei kjøper litt bensin til fiskebåtane sine, men det tener vi ikkje stort på.

Halland fortel at det er sommar- og påskeferiane som gjev dei beste tala i rekneskapen.

– Viktig butikk

Omsetninga ved Urke landhandel er likevel ikkje på meir enn 2,3 millionar, noko som ekspertar meiner er altfor lite til å kunne drive butikk.

Halland trur kolonialen på Urke er den butikken med minst omsetning av alle heilårsopne butikkar i Noreg.

Då er det greitt å få statstilskot på 36.000 kroner, gjennom det såkalla «Merkurprosjektet». Dette er ei ordning som skal hjelpe drifta av matvareforretninger utanfor allfarveg, noko butikken i Barstadvika også har nytt godt av.

– Dette er ei god hjelp for å sikre vidare drift. Ein butikk i Norangsfjorden er viktig for folk som bur her, og for turistar. Vi er særs glade for å igjen gå med overskot og nyttar høvet til å takke dei som støtter butikken, både fastbuande og feriegjester, seier Halland.

– Butikken i Norangsfjorden er viktig både for fastbuande og turistar, seier styreformann Johannes Halland.