Ønskjer du ei annleis smaksoppleving bør du ta turen til matmarknaden i gågata i Ørsta.

Matmarknaden «Europe in Town» gjestar Ørsta for andre året på rad. Frå onsdag til laurdag er gågata fylt med buer med franske, spanske, italienske og polske delikatesser. Franske pannekaker (crêpe), italienske ostar og oliven og spansk paella er eit utval av det marknaden kan freiste med.

– Vi tilbyr ein del av det same som vi hadde i fjor, for eksempel italienske ostar og franske pannekaker. Men vi prøver å endre oss litt for kvart år slik at folk skal få smaken på noko nytt, seier Giada D`Anna frå Italia, som er ein av drivarane.

Saman med Lionel Sourzat frå Frankrike står ho saman om den omreisande matmarknaden. I sommar reiser dei frå bygd til by i Noreg for å tilby typiske og ferske produkt frå forskjellige europeiske land. I fire år har dei fokusert på å reise rundt i Noreg. Bakgrunnen for det er enkel:

–Det er eit fantastisk vakkert land og folk er veldig hyggelege. Vi føler oss veldig velkomne på stadar som Ørsta, der folk er så avslappa, seier dei.

<strong>Spansk delikatesse:</strong>Markanden har eit utval av heimelaga spansk paella laga avMarcello Paternostro. Foto: Malene Romestrand