Politiet melder at ein person vart utsett for lekamsskade klokka 23.08 måndag kveld.

Lensmann Jostein Vatne opplyser til Møre-Nytt at hendinga fann stad ved asylmottaket i Fjellvegen 2 i Volda.

– Hendingslaupet er enno uklart, men vi startar etterforsking no tysdag formiddag slik at vi kan få klårleik i kva som har hendt, seier Vatne.

Brotskade

Politi og ambulanse rykka ut då dei fekk inn melding om slagsmålet måndag kveld. Den skadde personen vart frakta til Volda sjukehus.

Vakthavande ortoped fortel at han er behandla for brotskade i eit bein, og at tilstanden er stabil.

– Han vert liggjande her nokre dagar, seier legen.

Kjenningar

Operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre Politidistrikt stadfestar til Møre-Nytt at det var fleire personar som samla gjekk til åtak på ein person med fleire slag og spark. Minst ein av desse nytta ein stokk eller ein planke som slagvåpen.

- Nokre av gjerningsmennene er kjenningar av politiet, seier han.