11. juli skal det avgjerast kven som får Musikkstipendet 2012. Frå scenekanten under Båtfestivalen i Ålesund, skal Circuit of Values frå Volda tevle med ålesundarane i Blodig Alvor og Morning has Occured om publikum sin gunst.

Dette er dei tre finalistane som står att, etter at heile 27 artistar har kjempa om folk sine røyster via sosiale medier og arrangørane sine nettsider.

På finaledagen vil publikum utgjere halve juryen, medan resten av dommarpanelet vil vere samansett av Frode Alnæs, Geir Rønning, Robert Post, pluss ein frå Sparebank 1 Nordvest.

Prisen er på 50.000 kroner, og vert delt ut av sistnemnde aktør og Sunnmørsposten.

– Utruleg kjekt

Bandet Circuit of Values har medlemmer frå både Volda og Haram, og har fått mykje skryt for debutplata «Digital» som dei slapp i vår.

No er dei klare for finalen på Båtfestivalen i Ålesund, noko vokalist og gitarist Magnus Bringsvor set stor pris på.

– Vi må jo ta dette som eit prov på at vi gjere noko riktig. Det er utruleg kjekt å ha fått nok stemmer til å verte blant dei tre beste, for vi er i godt selskap med dei andre banda, seier han.

– Det vert spennande å sjå om vi greier å gå heilt til topps!

– Kva vil det bety for Circuit of Values dersom de vinn stipendet på 50.000 kroner?

– Pengane er no ein ting – men dersom ein også ser på PR-verdien av å vinne så er prisen uvurderleg. Vi vil få mykje gratis blest, noko som kjem godt med, seier han.