Kundekonsulentane Caroline Egset og Lene B. Stokke gler seg til å vise fram nyvinninga til Enerbygg Bolig: Ved å kople ein mobiltelefon til eit sett med spesialbriller, kan du få ei virtuell oppleving av korleis husa i Nordbohus-katalogen ser ut.

Møre-Nytt fekk demonstrert det nye systemet hos Enerbygg på Rystelandet denne veka: Du kan gå frå rom til rom og sjå deg rundt i alle dei 31 husa i katalogen til Nordbohus-kjeda, som Enerbygg Bolig er del av.

Teknologi på frammarsj

Teknologien heiter «virtual reality» (virtuell verkelegheit), og er på full frammarsj i teknologi-verda.

– Vi er dei første i vår bransje som tek i bruk den nye teknologien i Noreg, seier Caroline Egset.

Utstyret kom til Ørsta i førre veke, og er no klart for å bli introdusert for kundane.

– Alle som har lyst til å prøve, kan ta turen innom.

Vanskeleg

Egset trur det er vanskeleg for mange å få inntrykk av korleis husa ser ut basert på planteikningane i katalogen.

– Det er ikkje sjå lett å sjå føre seg kor stort eit rom på ni kvadratmeter er. Med denne teknologien får dei ei heilt anna romkjensle og oppleving av korleis husa ser ut. Egset legg til at Nordbohus framleis kjem til å ha vanlege papirkatalogar for dei som ønskjer det.

– Vi lanserer dette akkurat no når den nye katalogen er klar, så det passar veldig godt. Vi tilpassar også husteikningane ved behov, legg Egset til. Alle salskontora til Nordbohus tek i bruk den nye visningsmetoden i desse dagar.