– Det er spesielt for meg å feire 17. mai på Vartdal. I mars 2014 flykta eg frå Syria. Eg flykta gjennom tolv land, og det var ei forferdeleg reise, fortalde Ahmad overfor eit lyttande publikum.

Han fortalde om båtturen han hadde frå Tyrkia til Hellas. Det var om natta, i ein gummibåt. Det var høg sjø, og farleg. Ahmed fortalde om turen gjennom skogane i Makedonia. Det var minus tjuefire grader om natta. Det var mørkt, og det var snø.

– Til slutt, den 8. januar 2015, kom eg til Noreg. I august i fjor kom eg hit til Vartdal. Det var veldig kjekt. Eg kjende meg velkomen med ein gong, sa Ahmad.

Dugnad

På Vartdal har han vore med og spelt fotball. Han har språkpraksis i Vartdal barnehage, og han har vore med på dugnad.

– Dugnaden var i skitrekket, og der lærte eg meg også å stå på ski, fortalde han.

Han takka for at han får ha språkpraksis i barnehagen.

– Borna er så imøtekomande og opne. Dei bryr seg ikkje om kven du er, sa han.

Assad

Heime i Syria har han to brør og seks systrer. Han er onkel til to born. Han tenkjer på dei heime.

– I dag er det fest her i Noreg. Vi feirar demokrati og fridom. Det er verdiar vi ikkje kan ta for gjeve, sa Ahmad.

Han fortalde om då han som fjortenåring spurde mor si kvifor president Assad stilte til «val» kvar gong, og alltid heldt fram.

– Då såg eg at mor vart redd. Ho sa at dette var spørsmål eg ikkje måtte stille, at veggene hadde øyre og at politiet kunne kome og ta oss. I Syria er det Bath-partiet til Assad som styrer alt. Dei kontrollerer alt og alle, fortalde Ahmad.

Borgarkrig

Denne stoda gav til slutt ein borgarkrig, og no ligg over tre fjerdedelar av byane i Syria i ruinar.

– Eg håper på fred, men ikkje berre i Syria. Eg håper på fred i heile verda. Den freden skaper vi berre viss vi viser kjærleik overfor kvarandre. Eg vil gratulere de alle med dagen, og eg vil feire demokratiet og fridomen saman med dykk, sa Ahmad.

Ahmad Omar kom til Vartdal i fjor haust, saman med to andre syrarar. Dei har vorte tekne godt i mot, og Ahmad snakkar no eit godt norsk, og han er grundig med språkopplæringa.

Han er utdanna ingeniør på bachelornivå, og målet hans er å ta opp att utdanninga, og gå eit steg vidare.

Appellen til Ahmad gjorde eit sterkt inntrykk på Vartdal. Sjeldan vert ein dagsaktuell situasjonen sett så godt inn i dei verdiane den norske grunnlova handlar om.

Sjå bileta frå 17. mai-feiringa