Godt vêr og eit stadig betre hamnetilbod for fritidsbåtar, har gjort sitt til at rekordmange båtfolk har lagt ferien til Hjørundfjorden og sidefjordane.

På Urke i Norangsfjorden nærmar dei seg no 200 gjestedøgn, seier Johannes Halland, som er styreformann for småbåthamna der.

– Det har vore ein overraskande suksess. Det byrja "ta av" i fjor, då vi fekk ferdig bryggene med straum. I år har det vore svært mange besøkande. Når det er fint vêr, ligg det gjerne 15 gjestebåtar på utsida av brygga – som er det vi har plass til, seier han.

Halland trur mange tek turen til Urke fordi det er ein roleg plass som ligg i le for nordavinden.

– Og så er det butikk her, noko som er veldig viktig. I tillegg trekk kaihuset mykje gjester om kveldane.

Ein stadig større del av båtturistane kjem for å gå på fjelltur til Saksa. Urke utvikling og kommunen arbeider no med å få på plass fleire toalett og dusjfasilitetar, så folk kan ta seg ein dusj når dei kjem ned att frå fjellet.

Elles kjem Halland med eit aldri så lite hjartesukk:

– Det har kome mange store turistbåtar i fjorden, og dei er ikkje alltid like flinke å ta omsyn til småbåtane som ligg fortøydd langs bryggene. Fjorden er ganske trong, så det kjem store bølgjer sjølv om dei går heilt på andre sida. Vi har opplevd ein nedgang i gjestebåtane etter at turistbåtane byrja gå forbi her. Det må gå an å slakke på farta når dei passerer, er oppmodinga.

Urke: Nokre dagar har det vore heilt fullt på utsida av flytebrygga på Urke, der det er plass til kring 15 gjestebåtar.

Over 300 besøkande

I hotellhamna på Sæbø har det og vore trongt om plassen i sommar. Ein plass mellom 300 og 350 gjestedøgn kan dei summere opp til no.

– Særleg i helgane har det til tider vore så fullt av vi har måtte avvist båtar, seier dagleg leiar Wenke Gjørtz på Sagafjord Hotel. Ho seier gjestane fortrinnsvis kjem frå distriktet, og kjem til Sæbø for å slappe av, gå på turar og vere sosiale.

– Det vert meir og meir aktivitetsturisme blant båtfolk. Det er nytt.

– Og så er det kjekt at båtane reiser frå plass til plass i fjorden. Dei tek seg gjerne ein tur vidare til Urke eller Trandal. Vi samarbeider med dei og anbefaler å reise dit – og omvendt. Aktivitet avlar aktivitet.

Samarbeid

På Christian Gaard på Trandal har dei ikkje talt over kor mange gjestebåtar dei har hatt til no, men Lenita Storeide seier det har vore eitt av dei beste åra til no. Særleg i juli månad.

Gjestebåtane som kjem til Trandal er ganske jamt fordelt ut over vekedagane, og dei fleste kjem dit for å ete og gå på fjellet, fortel Storeide.

– Det har vore ein auke i dagsturistar som kjem og reiser att, men fleirtalet overnattar her.

– Kva lokkar folk til fjorden?

– Det har nok med mangfald å gjere. Det er fleire stopp på vegen, og det er mykje som lokkar. Bygdene er flinke å leggje til rette. Alle er flinke, og det har vore ei positiv utvikling, meiner Storeide.

På Trandal er det 20–25 plassar, og dei har nyleg utvida med ei betongbrygge som stikk ut frå moloen.

Jamt besøk på Øye

På Øye båthamn seier Svein Arne Øye, som er ein av tre som driv gjestehamna der, at det har vore jamt over godt besøk i sommar.

– Det er mykje turfolk og fjellfolk. Eg har snakka med rogalendingar, vestlendingar, og trønderar. Ein del har vorte anbefalt å reise hit, og elles veit folk gjerne om anlegget og naturen som er her.

Hamna på Øye opna kring tusenårsskiftet og har servicebygg med toalett og dusj som vert drive i samarbeid med Statens vegvesen.