I dag (tysdag) går fristen ut for å takke ja til plass i Samordna opptak ved Høgskulen i Volda. 1.437 studentar har fått tilbod om å kome inn på til saman 35 studium. Dei mest populære studieretningane er utan tvil sosionom og barnevern, med kring sju hundre overskytande søkjarar på dei 120 studieplassane.

– Kor mange som kjem inn, er avhengig av kor mange som takkar nei. Men det er nok veldig mange på denne ventelista som ikkje vil kome inn uansett, seier rådgjevar Veronica Kvalen Pilskog på høgskulen.

– Det var gode søkjartal på desse studia både i fjor og i år. Det har nok med arbeidsmarknaden å gjere, og det har vore mykje omtalt i media. Folk ser på dette som trygge yrke. Ein ser det også på lærarutdanninga. Der er veldig gode søkjartal. Studentane får seg gjerne jobb både som lærarar og i barnehagar før dei er ferdige, seier Kvalen Pilskog.

Går fort unna

Dei siste dagane har det vore hektisk med å få studentkabalen til å gå opp og gjere klart til eit nytt skuleår. Det nye studieåret tek til om tre veker, den 14. august.

Framleis er det nokre få plassar att på nokre studium, men det minkar fort.

– Før helga hadde vi tretten studieprogram ein kunne søkje på, men måndag er det berre fire att. Det er mange som har gått inn og ordna seg plass, seier Kvalen Pilskog.

Det var måndag ledige plassar på bachelor historie, bachelor religion og livssyn, årsstudium religion, livssyn og etikk, og bachelor innan språk og litteratur.

– I tillegg har vi nokre ledige studieplassar på lokalopptaket, med master, etter- og vidareudanningstilbod. Der er det løpande inntak fram til studiestart. Dette fyller seg som regel, seier rådgjevaren, som er nøgd med årets søkjarmasse.

– Grunnutdanningane våre har gode søkjartal, som er gledeleg. Og karaktersnittet har gått opp ein god del. Det er viktig å få kvalifiserte søkjarar, seier ho.

I tillegg til dei «fysiske» studieplassane, har høgskulen ei rekkje nettstudium. Til no har 1.068 takka ja til å vere fjernstudentar. Det er framleis ein del plassar ledige der.

Kjønnsmessig er det kring 60 prosent kvinner og 40 prosent menn som har søkt studieplass på Høgskulen i Volda.

Nøgd: Rådgjevar Veronica Kvalen Pilskog på Høgskulen i Volda er nøgd med at skulen får mange kvalifiserte søkjarar. Foto: Staale Wattø