Du høyrer dei før du ser dei. Ein jamn dur slår ut frå Raudøyholmen og ned i vatnet, før han når land, 700 meter lenger borte. Fire arbeidsjarn utstyr med motorsag nyttar fritida si på å rydde Raudøyholmen for tre og busker. Ei attgrodd perle skal fram i lyset att.

– Irrgrøn og med beitande dyr. Det var Raudøyholmen i sine glansdagar. Slik ønskjer vi at han skal stå fram att, seier Jan Ove Raudøy.

Han er barnebarnet til Joakim Raudøy (1915-1989). Han budde på garden på Raudøya, og rodde ofte over til Raudøyholmen for å hente ved og høy til dyra, eller for å fylle olje på det vesle kvite fyrtårnet som står på holmen.

– Det er litt i hans ånd at vi gjer dette. Eit ønske om at historia skal fram i lyset att.

100 år

Joakim Raudøy budde på Raudøya fram til midten av femtitalet, då flytta han inn til fastlandet med familien. Far til Jan Ove Raudøy, Reidar, var då eitt år. På Raudøyholmen, som stikk hovudet opp av vatnet like ved Raudøya, var det sist registrert busetnad i 1917. Mange tufter står att, etter hus og fjøs, gøymt under einebuskar og store tre. Det er 100 år sidan dei var i bruk. På det meste budde det åtte menneske på holmen.

– Det er det vi ønskjer å få fram. At tuftene på Raudøyholmen skal vise frå sjøsida, så folk kan sjå at her har vore liv og aktivitet ein gong, seier Thomas Raudøy, også barnebarnet til Joakim, og bror til Jan Ove.

Holmestova

I sjøkanten ligg restane etter Holmestova. Her var det mottak av fisk, salting og tørking – pakka i tønner. I si tid drive av kremmaren Webjørn Svendsen – mannen som dreiv storgard og slo seg opp på handel i Ørsta. På Håvoll var denne verksemda den første der det vart drive med anna enn landbruk og fiske. I Holmestova var det også dans. Då vart dørene opna mellom dei ulike romma. Det gjekk gjetord om holmedansen.

Under krigen kjøpte Pål Sandvik og brørne materialet frå Holmestova, og tok det med seg til land. I elveosen på Liadal nytta dei materialet til første byggesteg i det som seinare vart industrihistorie, Sandvik & co., møbelfabrikken.

Freda

Heile Raudøya, inkludert Raudøyholmen er freda, som Raudøya landskapsvernområdet og Raudøya naturreservat. Grunnlaget for fredinga er den store førekomsten av kristtorn. Motorsagene på Raudøyholmen sparer desse trea. Alt anna skal vekk.

– Her er nokre enorme kristtorntre. Det er heilt spesielt, seier Thomas Raudøy.

Området er gitt verdi A (svært viktig) på grunn av at det er eit særmerkt kulturlandskap med eit sterkt innslag av kristtorn. Utan kristtorn ville området neppe ha vore avgrensa.

Ei stor furu møter si overmakt og fell mot bakken. Jan Ove Raudøy tel 65 årringar. Attgroinga har hatt mange år på seg, og har gjort seg flid. Det er tette einebuskar og vanskeleg å ta seg fram på holmen, men dei har ingen planar om å gi seg.

– Det er eit stort og tidkrevjande prosjekt, og vi må også ta omsyn til at området er verna, men vi har fått grønt lys frå Fylkesmannen, og då var det berre å sette i gong, fortel brørne.

Med seg på arbeidslaget har dei fått Arve Halkjelsvik og Ola Lingås. Karar som likar å ta i eit tak. Det er nødvendig. Det ligg mange timar med arbeid att på holmen. Når alt er rydda og alle tre er felt, skal alt av vegetasjon brennast.

– Alt går med arbeid

– Vi satsar på kanonvêr framover så vi får gjort mest mogleg. Vi håper på å få brenne litt i vinter. Men vi har ikkje noko tidsperspektiv på arbeidet, anna enn at vi ikkje gir oss før vi er i mål. Alt går med arbeid.

Når alt arbeidet er gjort, satsar dei på ein ny vår for holmen, med luftig sveis og ope landskap, og med grøne markar.

– Neste plan er å sjå om vi kan få ei ordning med nokre beitedyr som kan ha tilhald her, så slepp etterkomarane våre å gjere den same jobben som oss.