– Vi arrangerer først eit 8. mars-tog som startar utanfor det nye biblioteket og som endar opp på Sivert Aarflot-plassen. Der vil det verte heldt appellar, og toget er for alle, seier Janne Heggvoll som er leiar i Volda SV.

8. mars-markeringa i Volda er eit tverrpolitisk arrangement. Etter toget inviterer Volda SV til 8. mars-salong.

– Dette er inspirert av P2-programmet Salongen. Konseptet er at nokre kveldar samlar dei seg på Kampen Bistro og det vert fortalt historier frå livet til ulike personar. Vi har invitert tre kvinner til Det Grøne Treet i Volda, og dei skal fortelje historier frå sine liv. Så kjem også Jorunn Marie Kvernberg som vil halde ein liten konsert.

Eitt tog

Etter nokre år utan 8. mars-markering i Volda vart det i fjor arrangert tog.

– Det var litt samtaler over Facebook når det nærma seg i fjor mellom Frida Gilberg og meg, og det var Gilberg som tok initiativ til arrangementet. I fjor gjekk vi i tog både i Ørsta og Volda. Vi var rundt femten i Ørsta og førti i Volda. No har vi funne ut at det held med eit tog, og vi har vore opptekne av at dette er eit arrangement for heile Søre Sunnmøre.

I fjor var det reservasjonsretten som førte til at mange engasjerte seg for kvinnedagen.

– Truleg var det ein del som normalt sett ikkje hadde engasjert seg som gjorde det. Det er viktig å stille i år og, og ikkje berre vere medgangssupporter, seier Heggvoll.

Debatt

Før toget startar i Volda vil Aasen-tunet vere godt i gang med sine arrangement 8. mars.

– Gjennom fleire år har vi hatt arrangement 8. mars der vi har teke opp aktuelle spørsmål. I år tek vi utgangspunkt i forskingsrapporten «Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar». Marte Fanneløb Giskeødegård frå Møreforsking og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde vil ha ein samtale rundt rapporten, og Maria Dyrhol Sandvik vil leie debatten. Diskusjonen vil m.a. handle om kor attraktivt fylket vårt er for kvinner, seier Åshild Widerøe ved Aasen-tunet.