Marit Riise Olsen ser eit skrikande behov for bustader og tomter på Sæbø. No vil ho byggje fem nye bustader midt i sentrum.

– Eg veit om familiar som ønskjer å flytte til Sæbø, som har fått beskjed om ventetida på tomter er både fem og sju år. Folk står i kø for å flytte hit, og eg vil gi dei hus å flytte til, seier Riise Olsen til Møre-Nytt.

No går ho i gang med å omregulere området mellom skyssbåtkaia og Sagafjord hotell på Sæbø til bustader. Oppstartsmøtet med kommunen er allereie gjennomført.

– Det var eit veldig godt møte, og vi har fått svært positive signal frå kommunen, utan at vi har fått nokon lovnader.

Familiebustader

Planane, som først var omtalte i Møre-Nytt tysdag, er framleis i startgropa. Dei endelege teikningane av korleis bustadene skal sjå ut, er ikkje klare.

– Vi har berre presentert ei grov skisse førebels. Tanken er likevel at vi skal byggje fem bustader med dobbelgarasje imellom. Alle skal ha fasade mot fjorden, og store vindauge framover.

Bustadene får etter planen fire soverom og god plass.

– Så dette passar for familiar som vil etablere seg her på Sæbø, seier Riise Olsen.

Ho leiger allereie ut leilegheiter ved Hjørundfjord Brygge ved sidan av.

– Der var det eit slit å få på plass byggjeløyve. Så vi håper verkeleg at reguleringsprosessen blir enklare denne gongen, og det har vi fått signal om at det blir. Då Hjørundfjord brygge kom på plass, tenkte eg at «klarer eg dette, så klarer eg alt». Det gav meg inspirasjon til å gå i gang med dette prosjektet, seier Riise Olsen.

Ryktebørsen

Inntil tysdag hadde informasjonen om dei nye bustadene berre spreidd seg gjennom ryktebørsen. Men utbyggaren kan allereie melde om stor interesse.

– Eg har allereie to som seier dei vil kjøpe, og fleire er interesserte. Og det er før dei er averterte nokon stad.

– Kvifor trur du det er så mange som vil hit til Sæbø?

– Eg trur det er ein kombinasjon av naturen av folka. Alle ser kor vakkert det er her, men dei siste åra har det kome ein enorm entusiasme og dugnadsånd i bygda. Difor trur eg mange vil bu her.

Byggjestart neste år

Riise Olsen håper byggjeløyvet kjem på plass så raskt som mogleg, og at dei kan gå i gang med bygging av bustadene neste haust.

– Å få dei klare i løpet av 2016 er absolutt eit mål, seier ho.