– Ut ifrå det eg kjenner til har vi ikkje fått inn klager eller rapport om ulykker med vasskuter i Ørsta, opplyser lensmann i Volda og Ørsta, Guttorm Hagen.

Vidare ønskjer han oppmode om å køyre forsvarleg, og vere observant for andre som også er på fjorden.

– Samanstøyt kan vere alvorleg og livstrugande når det først skjer. No byrjar det verte mørkare på kvelden, så ein bør planlegge turen med omsyn til dette. Ein bør vere ekstra påpasseleg med å redusere farta inst i Ørstafjorden og i området rundt Raudøya. Det er fleire som bruker fjorden, både små fritidsbåtar, dei som padlar med kajakk og dei som symjar. Pass også på sjømerker og skjær, seier Hagen.

Ved bruk av vasskuter til sjøs er regelen at du må halde fem knop fram til du er 400 meter frå land. Det er ikkje lov å bruke vasskuter i elver, verneområde, eller innanfor badebøyer ved badeområde.

– Vert vasskuteren brukt forsvarleg er det ein aktivitet ein må akseptere, legg Hagen til.