Disponent på Bjørdal Bil, Kjell-Åge Vederhus har vore i bransjen sidan 1974, og har sett utviklinga i marknaden frå sin posisjon som leiar i Bjørdal Bil sidan 1984.

Endra kvardag

Vederhus kan fortelje at Eiksundtunnelen endra kvardagen for samtlege bilforhandlarar i Ørsta/Volda.

– Ja, stadig fleire frå ytre har søkt hit til forretningar for både sørvis og bilkjøp. Erfaringane er like for alle forhandlarane, og handelslekkasjen til Ålesund på desse områda er kraftig redusert, fortel Vederhus og legg til:

– No er det opp til oss om nordfjordingar skal kome hit. Alt ligg til rette, og det er opp til oss å stå for framståande kvalitet på alle område. Klarer vi det, vil Kvivsvegen verte til stor glede for verksemdene her, og såleis også for kommunekassene.

17 bilmerke

Sju bilforretningar finn ein i Ørsta/ Volda som til saman representerer 17 nybilmerke. Desse har i mange år i møtt i eit forum for fagleg samtale, med mål om samarbeid på område som styrkjer posisjonen i lokalmarknaden.

– Fleire år før Eiksundtunnelen opna køyrde vi regelmessig marknadsføring for bruktbilar. Vi ville syne at Ørsta/Volda hadde mykje å by på, ikkje minst i konkurranse med Ålesundforhandlarane. Sidan Eiksundtunnelen opna har vi også i fellesskap annonsert tilbod om flyplassørvis. Kundar kan tinge tid hos oss for vedlikehald , sørvis og karosseriretting/lakkering når dei skal reise med fly frå Hovden.

Bilforhandlarane hentar nøklar og bil på flyplassen, og leverar på same stad etter avtale og utført arbeid. Såleis kan kundane i mange høve også spare parkeringskostnad.

Magnet

Vederhus peikar på at flyplassen er den viktigaste magneten for Ørsta/Volda.

– Difor er det nødvendig at kommuneleiinga i Ørsta og Volda ser oppgåva si og pressar fram ei løysing for tilkomst ved ei ny rundkøyring og ein framtidsretta Tormyrveg. Det offentlege tolmodet er utruleg stort!

Kjell-Åge Vederhus meiner det er på tide at nokon tek tak, analyserer utfordringane, gjer nødvendige val og ikkje minst gjennomfører.

– Slike prosessar i desse to kommunane tek altfor lang tid. Det er ordførarane som ber ansvaret for dette. Eg vonar at både dei og folk flest skjønar det.

Sjukehuset

Når ein først er inne på dette området meiner Vederhus ein ikkje må gløyme sjukehuset, likeeins dei store aktørane i næringslivet.

– Men kultursektoren i desse kommunane er ikkje lett synleg. Rammevilkåra er ikkje til stades. Det blir sagt at vi ikkje har råd, og sjølv har eg også tenkt slik. Men no undrast eg stadig meir om vi har råd til å la vere å satse. Det kan fort koste oss meir. Fanga i bakevja er det berre flaum som kan løyse deg ut! Skal vi vente på den katastrofale flaumen som legg alt øyde?

Disponenten tek også opp det han kallar ”husblindheit”.

– I ferda mi i lokalsamfunnet fortel sansane mine at alt ikkje er som det burde vere. I eiga verksemd må vi stoppe opp og sjå nøye om det er slik hos oss at vi kan vere stolte. Har vi gjort det vi kan og bør for å gje godkjensle til dei som vitjar oss?

Vederhus er overtydd

– Blir det for lenge mellom kvar gong vi tenkjer og agerer på dette området, kjem vi bakom. I bygdesentra ser eg over lang tid signal om trøytte og vannstelte bygder. Som døme kan eg nemne bygg som helst skal ønske publikum velkommen inn, der fasadane er prega av sopp og skit, der eit malingsstrøk manglar, der området ved inngangsdøra ikkje har vore vaska på lenge. Kvar er eigarane? Kvar er leiarane? Fy for hjelpeløyse!

Framståande

Vederhus registrerer at nokre menneske i lokalsamfunnet er framståande for å skape noko i bygdene.

– Men desse treng hjelp, og kommunane har ikkje råd til å la vere. Når det er lillyst aktivitetsfestivalar, Dei Nynorske Festspela m.m. bør kommunane sjå til at det heng banner over innfartsvegane og at sentrumsgatene vert pynta med flagg og vimplar.

Slikt meiner Vederhus ber bod om at ”her skjer det noko”.

– Mange har vel lagt køyrd Gudbrandsdalen og lagt merke til Vinstra: Vimplar på heile strekninga gjennom bygda. Der blir vi nyfikne, stoppar, ser oss rundt, går på kafè og tek ein runde i butikkar. Dei økonomiske lovene er for kommunane som for private verksemder: Skal du få inntekt, må du investere. Meir er ikkje å seie om den saka.

– Må bu seg

Kjell-Åge Vederhus er tydeleg på at ein må bu seg skikkeleg, snøggare enn svint, på å kunne hauste av dei moglegheitene som nye tunnelar og vegar byr oss.

– I Ørsta/Volda sit vi i sentrum for ein region med 60.000 menneske. Vi kan til og med seie at Ålesund er ytterkant av distriktet vårt, og då kan vi nær doble talet på menneske i regionen. Det er mykje makt i positiv tanke!

– Kva har de gjort på Bjørdal Bil AS i høve Kviven?

– For to år sidan sikra vi oss Hornindal og Stryn som vårt ansvarsområde for Honda. Det neste som skal skje er at dagleg leiar blir skifta ut. Det trengs endringar, nye krefter, nytt mot og meir kunnskap for å ønske framtida velkommen etter, seier disponent Kjell-Åge Vederhus med eit smil.