– Det er dei unge laksefiskarane som regjerer i elva. Oss gamle har snart ikkje noko i elva å gjere, kommenterer Knut Magne Årseth, leiar i Volda Jeger og Sportsfiskarlag, spøkefullt.

Dei siste åra har det nemleg danna seg ein stor gjeng unge og ivrige laksefiskarar i Volda, noko som tidlegare var sakna av generasjonen før dei. No ser det utan tvil ut til at interessa for laksefiske er vidareført.

– Det har samla seg ein fin og stor gjeng her siste åra, i motsetnad til for ti år sidan då det berre var ein og annan. Det er veldig kjekt å sjå fleire i elva og fint å sjå gleda dei unge har av å vere her. Eg håper det smittar vidare, og at fleire som er interessert blir med, oppmoda Knut Magne Årseth.

Fiskefeber

Er der moglegheit for fisk i elva, tek det ikkje lange stunda før fleire i gjengen er å finne i Øyraelva, eller andre elver i nærleiken. Vêret er inga hindring for laksefiskarane. Tvert i mot set dei pris på at det regnar, då det betyr meir vatn og sjanse for fisk i elva.

– Om vi veit det er mykje fisk i elva gløymer vi alt anna. Då er det er berre fokus på å fiske, fortel Sigurd Meek Aaslid (14).

– Ja då betyr ikkje regnvêret noko som helst, seier Marius Sætre Hove (14) samd.

– Eg er rask om å spreie rykte når eg ser elva har godt med vatn. Og ser dei bilen min ved elva kjem det raskt fleire, seier Knut Magne Årseth. Alle dei unge laksefiskarane har hatt hellet med seg, anten med fangst eller napp på kroken.

– Å få fisk er sjølvsagt det kjekkaste med å fiske, seier dei.

– Men det er også kjekt å vere med andre og det er deileg å vere ute, meiner Signe Meek Aaslid (11), som byrja å fiske for nokre år sidan, saman med broren og faren. Det gav meirsmak, og ho byrja å fiske sjølv. Måndag sette Sean Denton (14) ny personleg rekord, då han fekk laks på 6,5 kilo.

– Far min sin rekord er 11 kilo. Eg håper og trur eg kan slå han, ein dag. Får dei fisk på kroken, er det ikkje tvil i kva som blir å finne på middagsbordet. Fisk er dei alle glad i, gjort i stand på forskjellig vis. Ein ting er dei i alle fall heilt samde om:

– Eg er veldig glad i å ete laks. Men ikkje oppdrettslaks!, konstaterer Sigurd Meek Aaslid.

– Ja, det var eit veldig godt poeng, kommenterer Knut Magne Årseth.

Ivrige laksefiskarar: Marius Sætre Hove (11), André Årseth (12), Signe Meek Aaslid (11), Sigurd Meek Aaslid (14), Nikolai Årseth (14) og Sean Denton (14) er nokre av fleire unge laksefiskarar i Øyraelva i Volda. Er det sjanse for fisk i elva, tek det ikkje lange stunda før dei er på plass med fiskeutstyr og håp om fangst.
Fangst: Nikolai Årseth (14) drog i land sin storlaks på 7 kilo i elva på Bjørke. Foto: privat.
Volda: Vetle Dalebø Mork (11) med Ian Denton fanga laksen sin i Øyraelva i Volda. Foto: privat.
Svær laks: Håkon Heltne (14) sette ny personleg rekord i elva på Bjørke, der han fanga storlaks på 6 kilo. Foto: privat.
Bjørke: André Årseth med fangst på 3 kilo frå elva på Bjørke. Foto: privat.