– Vi må vi nok inn og leggje litt press på partane dersom dei ikkje dannar samla driftsselskap snart, seier rådgjevar Jan Eirik Søraas i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vedtaket om å samle den administrative drifta av drosjesentralane i Ørsta og Volda vart nemleg gjort 1. juni 2011 – altså for over eitt år sidan.

– Møre og Romsdal fylkeskommune er ute etter å forenkle kommunikasjonen, noko som er naudsynt i desse tider der Eiksundsambandet, flyplassen og den komande Kvivsvegen gjev mykje trafikk, seier Søraas.

Inga hast

Formann Snorre Skogen i Volda Taxi er klar over at fylkeskommunen ventar handling, men seier dei rett og slett ikkje har hatt tid til å danne eit samla driftsselskap slett enno.

– Vi har stått på staden kvil i denne saka fordi vi har vore opptekne med pasient- og sjuketransporten. Det er enno ikkje avklart kven som får tilbod på denne tenesta, og vi vil gjere oss ferdig med dette før vi går over til saka om å danne driftsselskap, seier Skogen.

Han er uansett avslappa, og seier det ikkje hastar med administrativ samanslåing. Sidan 28. november 1998 har begge partane hatt dei to bygdene som felles køyreområde, og har godt samarbeid kvar dag.

– Publikum vil ikkje merke noko frå eller til. Ein av få skilnader vil vere betre dirigering av drosjene, noko som medverkar til litt meir effektiv utnytting av bilane. Dette gjer vi likevel langt på veg i dag, der alle telefonane går gjennom same sentralbord mellom 09.00 og 16.30.

– Katastrofe for publikum

På spørsmål til Søraas i fylkeskommunen om dei også er lystne på fysisk å samle begge kontora til ein felles sentral, er han avslappa.

– Dei treng ikkje nødvendigvis å verte samlokalisert. Bygdene ligg nær kvarandre, men kvalifiserer til å ha kvar sin sentral i kraft av å vere to store enkeltståande senter.

Skogen er på si side sterkt avvisande til ein samla drosjesentral.

– Det vil vere ein katastrofe for publikum. Dersom vi skulle starta taksameteret til dømes i Hovdebygda, så ville drosjebil vorte altfor dyr for folk flest.

Vil presse på

– Når trur du kontora vil verte samla til eitt AS?

– Det kjem nok til å skje, men det er vanskeleg å gje noko tidspunkt, seier Skogen.

Søraas i fylkeskommunen vil ha fortgang i saka.

– Vi kan ikkje tillate at det stoppar heilt opp, så vi kjem nok til å gå inn og gje dei ei påminning, seier han.

Formann Snorre Skogen i Volda taxi seier det vil vere ei katastrofe for publikum med felles taxisentral, til dømes i Hovdebygda.