Tysdag gjekk ordførarane Rune Hovde og Arild Iversen ut med nyhenda om at dei vil foreslå å gjere Ørsta og Volda til ein samkommune.

Dette er saka: Trykk her

Onsdag snakka Møre-Nytt med fem kommunepolitikarar frå dei to bygdene for å lodde stemninga kring ordførarane sitt forslag om å danne samkommune.

Dei er positive.

– Verdt å greie ut

– Eg var ein av dei som stemde mot utgreiing av kommunesamanslåing i fjor, men forslaget om samkommune er langt meir interessant. Dette vil kunne opne opp for ein ny type samarbeid mellom Ørsta og Volda, og det er sikkert mange kommunale oppgåver ein då kunne effektivisert med økonomisk gevinst, seier Tove Halse Digernes (Ørsta Sp).

Ho trur dermed at ein samkommune kan gje eit positivt lyft til ei elles skral kommunekasse.

Både Ola Perry Saure frå same parti, og Hans Olav Myklebust (Ørsta FrP) tykkjer forslaget om samkommune er verdt å greie ut. Begge er for tettare samarbeid mellom bygdene, og ser gjerne at ein strekkjer dette lenger.

– Kommunane er heilt avhengige av å spele på lag med kvarandre dersom ein skal klare å løyse oppgåvene framover. Sjølv vil eg gjerne at ein også ser utover til dei andre nabokommunane, seier Myklebust.

– Kan gje større tryggleik

På Volda-sida sit Gunnar Strøm (Sv) og Helge Hamre (V) med mange av dei same synspunkta.

– Eg skal vedgå at omgrepet «samkommune» er nytt for meg, men eg er varm tilhengar av alt som har med samarbeid å gjere. Eg stemde for utgreiing av kommunesamanslåing i fjor, og meiner vi treng alle krefter for å stå i mot formannskapsrepresentantar som aktivt vil gå ut for å bryte samhandlinga med Ørsta, seier Strøm.

– Ordninga med samkommune er nok eit greitt alternativ sidan det ikkje vart noko av sjølve samanslåinga. Det er generelt sett ein veldig sterk vilje i kommunestyra til å samhandle på tvers av grensene, og ei ytterlegare formalisering av dette kan gje større tryggleik, samstundes som ein held fram med to fullverdige kommunestyre, seier Hamre.

– Må leggje vekk kjepphestane

På spørsmål om kva dei tenkjer om danninga av eit samkommunestyre, har dei klare tankar.

– Begge kommunane har gode representantar som fint vil klare å samarbeide på tvers av grensene. Det er likevel ikkje tvil i at ein må klare å leggje bak seg eit par kjepphestar, og tenkje på felles beste i staden for berre sin eigen kommune, seier Digernes.

– Fleire kokkar, meir søl, Hamre?

– Hmm, så lenge det ikkje vert tungrodd med meir administrasjon så trur eg det skal gå bra.

Bystatus ikkje viktig

I tillegg til samkommuneforslaget, kunne Hovde og Iversen avsløre at dei begge vil gå inn for bystatus, etter at sistnemnde sat på gjerdet tidlegare i haust.

Ingen av dei spurde politikarane set denne posten særleg høgt på prioriteringslista.

– Nei, dette er eg heilt avslappa til. Dersom det kan gjere det lettare for bygda å få gjennomført ting, så kan det vere føremålstenleg, men dette er ikkje viktig for meg, seier Hamre.

Strøm seier på si side at han har vore stolt av å bu i ei bygd i 30 år, og meiner det vert meiningslaust å kalle Volda med sine 8.700 innbyggjarar for by, særleg fordi han sjølv kjem frå Trondheim – ein stad som i dag tel nesten 180.000 hovud.

– Eg må innrømme at eg har flira litt av Ulsteinvik, Fosnavåg og Åndalsnes, som smykker seg med bytitlar. Kvifor gje avkall på særpreget med å bu i ei bygd? spør han.

Myklebust tykkjer også det er ein viss sjarm i å kunne kalle seg bygd, eller til naud «bygdeby», men seier folket bør få avgjere.

– Iversen seier vi må sikre tre faktorar – fritidstilbod, bustader og arbeidsplassar. Dersom bystatus kan hjelpe oss med dette, ønskjer eg det velkomen, seier Digernes.

– Forslaget om samkommune er langt viktigare enn byspørsmålet, seier Saure.

Ola Perry Saure (Ørsta Sp) har ikkje spørsmålet om bystatus særleg høgt på prioriteringslista si.
Hans-Olav Myklebust (Ørsta FrP) tykkjer det er verdt å greie ut spørsmålet om samkommune.
Tove Halse Digernes (Ørsta Sp) ser potensial for økonomisk gevinst.
Helge Hamre (Volda V) trur det kan verte bra med eit samkommunestyre, føresett at det ikkje vert meir administrering enn i dag.
Trønderen Gunnar Strøm (Volda Sv) vedgår at han flirer litt av småbygder som plutseleg skal få bystatus, som til dømes Åndalsnes, Ulsteinvik og Fosnavåg.