No er det ikkje lenger berre tre  eigarar – men heile tretten formelle driftarar av Rust. Totalt sytten personar vert no involvert.

Det at folk engasjerer seg for uteplassen, er ikkje nytt for dei opphavlege grunderande. Også då konsertscena i si tid vart etablert, stilte folk opp.

– Vart de overraska over engasjementet og viljen til å hjelpe?

– Ja, eigentleg var vi det, men vi var ikkje overraska over responsen frå publikum. Vi visste at Rust ville slå an! Seier dei to.

Kjend

Og dersom ein spør bygdefolk på gata, vil ein nok slite med å finne nokon som er ukjend med den lokale utestaden Rust i Ørsta.

Det vesle konserthuset – som har husa «alle» store norske band har aldri bukka under for trong økonomi eller vore offer for konkurs og stenging. Sjøl i tida etter opninga av Rokken i Volda i 2005 har Rust stått støtt i stormen.

Det at ørstingane i det heile tatt har «heimebana» si, kan dei fyrst og fremst takke to herremenn med namn Knut Steinnes og Tor Erik Krøvel for. På byrjinga av 2000-talet budde dei begge i Oslo og var fjerne frå tanken om å flytte tilbake til Ørsta.

Kjærleiken til heimbygda og ei brennande kulturinteresse skulle likevel vise seg å dytte dei i retning Sunnmøre då støvet la seg etter millenniumsfeiringa.

Draumen

– Det var ideen om å starte ein eigen uteplass som fekk oss heim att. Draumen om å byggje ein sosial arena av ørstingar for ørstingar dreiv oss til å hoppe i det, seier Krøvel.

Men som ein veit er det ikkje berre nok med gneistrande vilje. Også kalde kroner må sprutast inn, og duoen hadde behov for 500.000 av desse for å realisere prosjektet.

– Vi prøvde fyrst å få lån hos banken i Volda, men dei avviste oss, for dei trudde ikkje prosjektet vårt kom til å overleve fire veker, seier Steinnes.

Det var fyrst då dei gjekk til ein bank med røter i heile Norden at dei vart møtt med tru. Den halve millionen kom på plass, og det gjorde også den lojale dugnadsgjengen som har bore Rust fram frå fødestova til 10-årsjubileet komande veke.

Glanstid

Oppstarten vart slik Steinnes og Krøvel håpa og trudde. Dei neste par åra ramla det eine store namnet etter det andre inn gjennom dørene.

– Kaizers Orchestra, Bob Hund, Turboneger, Hellbillies, Øystein Sunde. Vi hadde alle dei store norske banda, og folk var sjokkerte, seier Krøvel.

– Rust hadde si glanstid dei fyrste åra. «Kroa» i Volda var ikkje særleg populær på den tida, og alle dei store banda kom til oss for å spele. Dessutan – før Facebook og sosiale medium måtte ein faktisk ut å treffe folk, noko som viste att på besøkstala, seier Steinnes.

Då studentmagneten Rokken opna i Volda 22. april 2005, vart det derimot ei ny tid. Banda som tidlegare hadde spelt på rockescena i Ørsta, såg no mot nabobygda og vart lokka av større lokale, meir publikum og ei studentmasse der ein tredjedel vart skifta ut med ny frisk ungdom kvart einaste år.

– Banda skaffa seg stadig meir utstyr og fleire tilsette, og vaks dermed frå oss. Det var også grenser for kor mange gonger i året vi kunne ha dei same norske banda før publikum hadde fått nok, seier Krøvel.

Trass tevlinga med Rokken, har Rust alltid klart seg, mykje grunna lojale ørstingar som nytta tilbodet.

Neste fredag (22. juni) skal det feirast. Då er det duka for jubileum, med lokale artistar som Crashville, Egil Olsen og Trekkplasters som skal covre nettopp desse store artistane som har vore innom sidan byrjinga.

– Det kjem til å verte ei unik oppleving, seier medeigar Olav Sindre Kriken.

Sesongope

Sjølv om det er med positiv klang og stolte tilbakeblikk Rust no rundar 10 år, er eigarane klare på at ein må tilpasse seg den nye tida.

Det vil seie at sjølve vi fyrst og fremst berre kjem til å ha ope i feriane framover – altså sommar, jul og påske. Minibar held fram kvar helg året gjennom.

– Vi kjem sjølvsagt til å ha ope konsertlokalet enkelte kveldar viss vi tek inn band som vil spele, seier Steinnes.

Nokon vil kanskje sjå på dette som eit tilbakeslag for klubben, men Krøvel seier dette er den beste løysinga slik situasjonen er no. Der rett og slett ikkje nok inntekter til fast drift lenger, der særleg vintermånadene er slunkne.

– Rust har alltid vore best i feriane. Det skal vi framleis vere – på heiltid, seier Krøvel med eit smil.

Men det står ikkje på planar sjølv om drifta hovudsakleg vert snøra inn til feriane.

«Minibar» skal utvidast, og ein håper kommunen godkjenner både det og utvida skjenkjeløyve. 1. juli fell dommen.

– Vi føler jo at Volda har eit konkurransefortrinn når dei har løyve til 02.00 for brennevin, medan vi må stenge kranene 24.00, seier Steinnes.

Tilbake til røtene

Sjølv om saka eigentleg handlar om ein uteplass i ei lita bygd som må innsnevre drifta, og delvis vert utkonkurrert av scena i nabobygda, kan ein ikkje unngå å ense ei lita kjensle av glede hjå Krøvel og Steinnes.

– De verkar nesten litt glade for den nye tida?

– Ja, eigentleg. Det kjennest på ein måte som om vi tek Rust tilbake til det opphavet – ein utestad av ørstingar, for ørstingar.

Og då vert det slik.