Kring 320 elevar har no starta på skulen, og det er det høgste elevtalet på fem år.

– Hovudårsaka til elevauken er at fleire går linene bygg- og anleggsteknikk, barn- og ungdomsarbeidarfag og helse og oppvekstfag, fortel rektor Roger A. Fylling.

Auken er ein landstrend, og Fylling synest det er svært gledeleg at det er stort trykk på dei tre nemnde fagområda.

Fylling helsa måndag nye og «gamle» elevar velkomne til eit nytt skuleår der rektoren kom med ei sterk oppmoding om at elevane set seg læringsmål for skuleåret.

– Å gå vidaregåande opplæring er ikkje heilt som den skulen du har gått tidlegare. Du er på veg mot å verte ein yrkesfagarbeidar. Og i samarbeid med næringslivet står du framfor døra til mange spennande yrke og næringar. Vår skule trur at du kan oppnå den kompetansen du ønskjer gjennom visjonen vår «meistring gjennom aktivitet og utforsking». Alle har eit talent, noko dei får til og er gode på. Finn ditt talent og sett deg mål! oppmoda rektor Fylling under opninga.

Han gjorde det klart at alle menneske ønskjer å meistre, både i vennekretsen, i klasserommet, med heimearbeid og ikkje minst i relasjonen elev-lærar.

– Føresetnaden for å lukkast  med elev og læring er at vi som pedagogar er endå «tettare på» enn nokon gong. Skal vi få det til må vi alle ha ein grunnleggande intensjon om å ville kvarandre vel, sa Fylling til elevane.

Utfordrande

Sjølv om situasjonen for Ørsta vidaregåande er god, så finst der likevel utfordringar, ikkje minst å skaffe elevane nok lærlingplassar. Når store verksemder nedbemannar, merkast det også på talet på lærlingplassar. Tidlegare i sommar venta 215 ungdommar i Møre og Romsdal på lærlingplass. Ein del av desse bur i vårt distrikt og har valt alternative løp då dei ikkje har fått den lærlingplassen dei hadde sett føre seg.

– Samfunnet har stor trong for faglærte, og eg vil kome med ei stor oppmoding til lokalt næringsliv om å stille opp med lærlingplassar. Vi på Ørsta vidaregåande tek vår del av ansvaret og har til ei kvar tid tre-fire lærlingar. Lærlingane gjev god verdiskaping, det må ikkje bedriftene gløyme, seier rektor  Roger A. Fylling.