– Ein må vere heldig for å treffe rette dagen i elva. Denne gongen var det min tur, seier Sverre Hoggen (58) frå Volda, som førre veke fanga ein laks på 15 kilo som var 1,16 meter lang, i elva på Bjørke.

Hoggen har drive med laksefiske sidan han var 5 år og fylgde faren i elva. Sidan har han haldt fram med laksefiske. Fangsten førre veke var den største laksen han har fanga gjennom fiskekarrieren hans på over 50 år. Ein god del jobbing måtte til for å få fisken på land.

– Eg stod ein times tid med laksen på kroken. Eg måtte halde hardt og slite han ut før eg til slutt klarte få han opp med klepp. Laksen var den største eg har fått hittil. Eg trur ikkje det skjer igjen, for det går lang tid mellom gangane ein får fangst på over 10 kg, fortel den ivrige laksefiskaren.

God fiskesesong

John Kåre Bjørke på Bjørke fortel at fisket i elva på Bjørkehar vore bra sidan sesongen starta 15. juni.

– Det har vore bra fiske siste dagane. Laksen har vore stor i år, langt over gjennomsnittet samanlikna med i fjor. I år har det vore mykje fangst på 5–8 kilo, medan laksen i fjor var mest kring 3–6 kilo. Forskarane påstå det kom til å bli eit år for storlaks, og det stemmer, fortel John Kåre Bjørke.

Hoggen er også nøgd med opninga av sesongen.

– Det er lenge sidan det har vore ein så bra start på fisket. Eg synest fisket har teke seg bra opp att siste to åra, meiner Hoggen.

John Kåre Bjørke fortel at det i fjor vart teke skjellprøver frå laksen i elva, og at resultata viser til at all laksen som vart teke prøve av var villaks.