I tidsrommet 1. januar til 30. juni var det totalt 267 fødslar på sjukehuset i Volda. 57 av dei kjem frå Nordfjord.

Samanlikna med same tidsrom i fjor er dette gode tal. I 2015 vart det fødd 245 born frå januar til enden av juni og 56 av dei var frå Nordfjord.

– Det vil seie at det er 22 fleire fødde i år enn i fjor på same tidspunkt. Så vi ligg ein del fram om, men det kan alltids snu siste halvår, seier seksjonsleiar ved fødeavdelinga i Volda, Haldis Nilsen.

Av dei totalt 267 fødslane var 126 gutar og 141 jenter. Jentene er dermed i fleirtal etter første halvår av 2016. Men det er enno tid att for at fordelinga snur. I fjor var situasjonen omvendt, då det vart fødd 260 gutar og 233 jenter i løpet av året. Dette halvåret har talet på fødde fordelt seg utover månadane slik:Januar 45; februar 39; mars 45; april 44; mai 50 og juni 43. Det vart altså fødd flest born i maimånad ved sjukehuset i Volda.

Auke

Seksjonsleiar ved fødeavdelinga, Haldis Nilsen, fortel at sommarmånadane som regel er hektiske. I 2014 opplevde sjukehuset å ha 17 fødslar på ni dagar i månedsskifte juni/juli.

– Men samtidig er fødslane no fortida meir jamt fordelt utover heile året. I tidlegare tid kunne det vere periodar som skilte seg ut, spesielt september og i påsketider. I 2015 vart det totalt fødd 493 born på sjukehuset. Det har vore stabile tal siste tre åra, men frå 2012 vart det ei sterk auke i fødetalet, då fødeavdelinga på Nordfjordeid vart lagt ned.

Talet på fødde i Volda siste åra er:

2014: 481

2013: 487

2012: 420

2011: 394