For sjølv om rådmannen no rår til a kommunestyret vedtek bygging av fleirbrukshallen på Mosflata, opnar rådmannen for ny diskusjon om lokaliseringa av hallen – og om hallen i staden skal liggje ved Ørsta ungdomsskule. Rådmannen vel å legge fram ei tilråding basert på denne politiske føringa om lokalisering på Mosflata.

Relevante

– Men det er reist mange og relevante innvendingar med omsyn til plassering på Mosflata. Uttalene frå seksjon skule og rektor ved ungdomsskule, barne- og ungdomsrepresentant viser at hallen har ein viktig funksjon i den daglege undervisninga og for skulemiljøet. Dette har ein stor verdi, som ein kan risikere å miste dersom hallen blir plassert på Mosflata. Dette kan ein unngå ved at ein bygger hallen i tilknyting til ungdomsskulen og rive den gamle Ørstahallen, slik at ein frigjer areal til ny hall og symjeanlegg. Utendørsanlegg knytt til idrettsparkfunksjonen kan likevel plasserast på Mosflata, forklarar rådmannen.

Tettstad

Han peikar på at spørsmål om lokalisering også er svært

viktig i samband med den pågåande tettstadsutviklingsprosessen.

– Både vinnarbidraget og fleire av dei andre bidraga i arkitektkonkurransen peiker på at fortetting er ein nøkkelfaktor dersom ein skal lukkast med sentrumsutviklinga.

Rådmann ser på dette som eit svært viktig moment. I tillegg er signala frå fylkeskommunen at det er ønskjeleg å lokalisere ein framtidig vidaregåande skule i Ørsta meir sentrumsnært enn den avsette tomta på Mosflata. Ein vidaregåande skule i sentrum har stor betyding for rekruttering, for skulemiljøet og for sentrumsmiljøet generelt. Med ei slik lokalisering av vidaregåande skule vil argumenta for ei plassering av fleirbrukshallen ved ungdomsskulen verte styrka, seier rådmannen.

Han meiner desse problemstillingane er svært viktige sett i eit generasjonsperspektiv for

utviklinga av Ørsta sentrum. Rådmannen meiner difor at det er rett å ta seg tid til å vurdere lokaliseringa av den viktigaste investeringa kommunen skal gjere på svært mange år, sjølv om dette kan medføre ei forseinking på om lag 6 til 12 månader.

Tilråding

Rådmannen finn altså å legge fram ei tilråding i samsvar med tidlegare vedtekne føringar for

lokalisering og bygging av fleirbrukshall. Rådmannen oppmodar likevel kommunestyret til å gjere ei grundig vurdering av dei innkomne merknadane og dei omsyn det er peika på i høve den pågåande sentrumsutviklingsprosessen.

Det vert lagt til grunn at kostnadene med fleirbrukshallen skal skje innanfor ei samla investeringsramme på 150 millionar kroner. 15 mill er innarbeidd i budsjettet for 2016. Resten av byggekostnad er innarbeidd i økonomiplanen for 2017 og 2018. Årleg drift- og finanskostnadar på kr 10,3 mill må innarbeidast i kommunen sitt driftsbudsjett.

Det vert lagd til grunn at bygginga kan starte sjølv om spelemiddelsøknaden enno ikkje er godkjend. Det kan søkjast om spelemidlar etter byggstart så lenge ein har forhandsgodkjenning frå kulturdepartementet på anlegga.