Onsdag presenterte helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ei ny føreskrift som skjerpar inn krava til fastlegeordninga.

No vert det mellom anna sagt at pasientar skal få time seinast innan fem dagar, og at 80 prosent av dei som ringjer til legesenteret skal få svar hjå fastlegen innan to minutt. Vidare skal legane kunne ta i mot tinging av time elektronisk, og tilby heimevisitt om naudsynt. I tillegg skal det fokuserast meir på førebyggjande tiltak.

Planen er at føreskrifta skal gjelde frå nyttår.

– Ikkje haldbart

Fastlege og dagleg leiar Trude Tonning ved Ørsta Helsesenter seier det er umuleg for dei å innføre dei nye nasjonale krava.

– Denne føreskrifta er laga av folk som ikkje jobbar på eit legekontor, og som ikkje forstår korleis ei slik verksemd fungerer, seier Tonning.

På legesenteret i Ørsta er det alltid to legar til stades for å bidra med umiddelbar hjelp. Det hindrar ikkje leiaren frå å vere kritisk til kravet om at alle som ringjer skal få legetime innan fem dagar.

– Då vert vi nøydde til å ta unna fire-fem pasientar i timen, og det er ikkje haldbart for nokon av partane. Vi meiner vi sjølv er best skikka til å vurdere kven som har mest behov for hjelp.

– Er det mange som ikkje treng umiddelbar hjelp?

– Ja, det er nok ein god del som tingar time for småting som uansett vil gå over av seg sjølv. Desse kan vente litt, seier Tonning.

– Sanksjonar eller fir på krava

Også kravet om at fastlegen skal kunne svare på alle telefonar innan to minutt er strengt ifølgje Tonning.

– Målet vårt er sjølvsagt at folk skal få svar på senteret innan desse to minutta, men ein kan ikkje håpe å få snakke med legen på så kort varsel. Dokteren vil ikkje klare kvardagen viss han må sitje i telefon heile tida, seier Tonning, og viser igjen til at mange har svært låg terskel for å ringje.

– Vert forskrifta umuleg å følgje?

– Ja, eg tenkjer det. Staten får sanksjonere oss eller fire på krava. Vi kan ikkje gjere meir enn vi har kapasitet til uansett, seier Tonning, som tykkjer det er rart at legeforeininga godtok forslaget frå helseministeren.

Ho trur det vart inngått eit kompromiss, etter at foreininga stegla før jul i fjor. Då la Strøm-Erichsen fram fyrsteutkastet av forskrifta – eit forslag som vart motteken med massiv kritikk der 3.000 av dei 4.500 fastlegane i landet skreiv under eit protestskriv.

No er partane einige.

Detaljstyring

I pressemeldinga der føreskrifta vert presentert, seier helseminister Strøm-Erichsen at kommunane vil få mulegheit til å søkje om statleg stønad for å tilsetje fleire legar.

Det hadde vore eitt godt tiltak for Ørsta kommune – hadde der berre vore plass til fleire.

– Også den fysiske kapasiteten ved legesenteret i Ørsta er sprengt, så her er nok ikkje plass til fleire, seier Tonning.

– Tykkjer du staten lempar for mykje ansvar på kommunane når det kjem til fastlegeordninga?

– Nei, men det er for mykje detaljstyring frå sentralt hald.