Det stadfestar dei kyrkjelege fellesråda på i Ørsta og Volda.

Assisterande kyrkjeverje Sylvia Ulstein i Ørsta fortel at heile 22 av dei totalt 31 bryllaupa som i år har vore gjennomført eller tinga i Ørsta kommune vert haldne i perioden mellom mai og august.

Berre tre par valde vintergiftarmål i fyrste halvdel av året.

Sterke tradisjonar

– Folk på våre kantar er veldig tradisjonsbundne, både når det kjem til sommarbryllaup og giftestad, seier Ulstein.

Ho fortel nemleg at svært mange kjem tilbake til heimbygda for å smi seg i Hymens lenkjer, sjølv om dei ikkje har budd her på mange år.

– Er det naturen som lokkar?

– Nei, det er nok ikkje så enkelt. Folk vil vert fyrst og fremst vere nær slekta, og gifte seg der dei vart døypte og konfirmerte. Nokon føler kanskje også eit band til presten dei allereie har knytt kjennskap til gjennom desse seremoniane og kanskje gravferd.

Ulstein seier 2012 ser ut til å verte eit normalår på giftarsida. I løpet av dei siste elleve åra har ho opplevd å ha 40 bryllaup på det meste, og kring 20 på det lågaste.

«Morosame» datoar

I Volda kan kyrkjeverje Jostein Stråbø også fortelje at sommaren er mest populær, men at dei har opplevd ein nedgang i giftarmål på generell basis.

Medan ein kunne telje heile 12 bryllaup i fjorårsperioden mai-august, er det berre åtte par som vel å gifte seg på same tid i år. Fem i Volda kyrkje, to i Austefjorden og eitt i Dalsfjorden.

– Det svingar alltid litt, og det treng ikkje å bety noko, seier Stråbø.

På sida av sommartrenden, har han lagt merkje til nedgang ved ein annan farsott som av naturlege årsaker var meir populær på midten av 2000-talet enn i dei siste år.

– For ein del år tilbake var det mange som ville gifte seg på «morosame datoar» som til dømes 07.07.07. Interessa for dette har minka. Det er kanskje ikkje like varmt ute når ein giftar seg 12.12.12, seier han og humrar.

Sorenskrivaren

Men det er ikkje berre i kristelege rammer folk lovar truskap og kjærleik til evig tid.

Også sorenskrivaren står for giftarmål, men der er ikkje det like enkelt å få faste tal.

– Her treng ein berre å varsle oss to dagar i førevegen, og det er sjeldan at nokon tingar lenge før det, seier sakshandsamar Solveig Lied Bjørkedal ved Søre Sunnmøre Tingrett.

Ho fortel at dei har gjennomført seks giftarmål sidan mai, medan to er tinga før slutten av august.

– Ein sommar heilt på det jamne med andre ord.

Kyrkjeverje Jostein Stråbø ved Volda kyrkjelege fellesråd.
Assisterande kyrkjeverje Sylvia Ulstein ved Ørsta kyrkjelege fellesråd.
Sorenskrivar Elisabeth Wiik ved Søre Sunnmøre Tingrett har også vigslingar som eitt av sine felt.